Kvifor er ikkje kostnadene til vedlikehald kalkulert og lagt fram?
Kvifor er ikkje kostnadene til vedlikehald kalkulert og lagt fram?

Lesarinnlegg: Blir Bjørnefjordsbrua vedlikehaldsfri?

Det er stor merksemd om tilbakebetaling av investeringa i Bjørnefjordsbrua. Men kva med vedlikehaldet over 40 år? Er brua vedlikehaldsfri, spør Jan Gassand (Sp).

At ein brukonstruksjon som står i sjøvatn og som er særs utsett for ver, straum og vind treng vedlikehald, er sjølvsagt. Kvifor er ikkje kostnadene til vedlikehald kalkulert og lagt fram?

På den kjende Golden gate bridge i San Fransisco er det eit fast arbeidslag på mange personar som driv kontinuerleg vedlikehald. Når dei er komen til enden av brua, startar dei på nytt.

Artikkelen held fram under annonsen.

La oss få fram dei totale kostnadene som inkluderer planlegging, investering (inkl. renter) og vedlikehald.

Jan Gaassand

Os Senterparti