Lesarinnlegg: Førjulskonsertar i Os

Fredag 14. og laurdag 15. desember vert Os-bygda løfta ut av si travle førjulstid saman med elevar frå Kongshaug musikkgymnas.

Fredag morgon kjem eit stille tog av unge og vaksne gåande til Os kyrkje. Stien inn frå parkeringsplassen er opplyst og merkt med fakkelboksar, og sjølve kyrkja er flomlyst som eit fyr i mørkret. Inne i kyrkja er lyset dempa, og berre levande lys viser veg til benkene. Dette er noko folk vil ha med seg. Dette gjev ei høgtid som saknar sidestykke. Her kjem offentlege og privat tilsette med sitt virke i bygda. Her kjem mødre og fedre saman med borna sine på veg til barnehage eller skule. Her kjem pensjonistar som ikkje er vane med å liggja frampå om morgonen og her kjem 120 strålande unge i sin finaste stas for å syngja om Gud som sende sitt eige lys inn i vårt mørke.

Men allereie kl. 05.00, har elevane ved Kongshaug musikkgymnas vorte tørna ut. Frukosten vert servert kl. 05.30 og kl. 06.00 må dei vera klare i bussane. 06.30 er det oppstilling i kyrkja. Det krev sitt å få stemmene i gang så tidleg på dag, så dette er ikkje noko som kjem av seg sjølv. Allereie kvelden før har utsyr til konserten vorte rigga. Elevane har øvd på songane sidan oktober, og solistar og orkester har brukt tallause timar på å øva inn songane slik at dei kan det utan noter. No gjeld det berre å få det ut på ein slik måte at bodskapen går frå Guds hjarte til våre hjarte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik er opplevinga til dei som kjem. Dei nye og populære songane vert fletta saman med dei gamle kjende julesongane, og dei vert framført av strykarar, blåsarar, band og solistar, samt eit kor av 120 songarar og like mange bankande hjarte. Ikkje rart at det rører dei om lag 150 frammøtte som kvart år kjem for å lyda, å sjå og verta velsigna på ein vanleg fredag morgon på vei til jobb eller skule.

Og dette er berre byrjinga. Ut over dagen held elevane tre skulekonsertar for to av ungdomsskulane i bygda samt for vidaregåande skule i Os. Vidare fylgjer dei opp med to konsertar på laurdag. Og som om ikkje det skulle vera nok, fylgjer dei i år opp med to skulekonsertar i Salem i Bergen på måndag. I løpet av tre dagar når elevane ved Kongshaug musikkgymnas mellom 2000 og 2500 personar med sine konsertar. Takksemda er stor hjå mange av dei som kjem, og det er lett å vera stolt av elevflokken slike dagar. Dei er dei beste ambassadørane for skulen, men og for han «som sende sitt Ord til Noregs fjell, så Ljos over landet strøymde». Måtte dette ljoset få skina vidare ut til alle områda i verda som lir under krig, konflikt og hungersnød. I desse fredspristider har me endå ein gong vorte minna om kor viktig det er at me tek eit globalt ansvar for det som skjer i verda.

Ha ei velsigna omsorgsfull julehøgtid!

Årleg beundrar