Os Håndbakklubb er mellom laga som kjem til den store frivilligdagen laurdag.
Os Håndbakklubb er mellom laga som kjem til den store frivilligdagen laurdag.

Liv laga: Laurdag skal dei frivillige hyllast og få visa seg fram på Øyro

Nær 40 frivillige lag har meldt sin ankomst. Her blir både seglfly, skyting, handbak, bilar, båtar, fisking i Oselvo - og ikkje minst Øyros største (?) sjokoladekake.

I tillegg blir det underhaldning på scenen med både muskk, handbak, swing og zumba.

Dette er historias fyrste frivilligdag på Øyro i regi av Os & Fusaposten og Os Sentrum, og marknadsleiar Karen Helland Velure gler seg til å sjå kva alle laga og organisasjonane har å by på.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Målet med denne dagen er nettopp å visa alle dei tilboda som finst i det som vert nye Bjørnafjorden kommune. Vi veit at det er mange som er på jakt etter informasjon om kva deira born og ungdomar kan ta til med. På Øyro laurdag kan dei både sjå og testa ei rekkje aktivitetar, seier Velure.

Arrangementet kjem i forlenginga av Os & Fusaposten si nettsatsing Liv Laga - der lokalavisa har samla frivillige lag og organisasjonar på ei eiga side på osogfusa.no.

- Samstundes er ein slik dag med på å løfta fram og hylla alle dei som veke ut og veke inn arbeider frivillig for at både vaksne, born og ungdom skal ha eit tilbod å gå til på fritida. Lag og organisasjonar er ein heilt avgjerande del av eit lokalsamfunn - og kanskje ekstra viktig inn i ein samanslåingsprosess som Os og Fusa skal gjennom.

Ho håpar dagen kan bli ein tradisjon, både for å gje bjørnafjordingane eit innblikk i alt som finst av tilbod og for å gje laga eit høve til å visa seg fram og kanskje rekruttera nokre nye medlemmer.

Velure legg til at det framleis er nokre få plassar ledige på Øyro, så om nokon skulle ha lyst til å slenga seg på, er det ikkje for seint å stilla med ein stand.

- Me gler oss veldig, og ynskjer både osingar og fusingar velkomen til ein innhaldsrik dag på Øyro, avsluttar Helland Velure.

På kvelden held programmet fram med Torgfest der Elg toppar plakaten.

jostein@osogfusa.no