3RW Arkitekter)
3RW Arkitekter)

Liv på Øyro-prosjektet tek form

Denne veka går konkurransegrunnlaget for nytt granittdekke i Os sentrum ut på anbod. I løpet av desember kjem ny anbodsrunde for Torgbygget og baldakinar langs Bydraget.

- Det skal leggjast eit granittdekke frå den gamle brannstasjonen og heilt fram til elvekanten bak gamlebanken i andre enden av gata, fortel ordførar Terje Søviknes.

Under møtet i prosjektgruppa for «Liv på Øyro» måndag kveld, vart det lagt fram ein spleiselagsmodell mellom kommunen og næringslivet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kommunen vil gå inn med 30 millionar kroner til Liv på Øyro-prosjektet, og så håpar me at næringslivet legg tilsvarande sum på bordet, seier Søviknes.

Onsdag i neste veke skal kommunen ha møte med alle grunneigarane på Osøyro for å drøfta ein modell for spleiselaget.

- Kva tid reknar ein med at gravearbeidet i sentrum er ferdig?

Slik ser 3RW Arkitekter for seg uteområdet ved det nye torget på Osøyro.
Slik ser 3RW Arkitekter for seg uteområdet ved det nye torget på Osøyro.

- Me satsar på at alle hol skal vera dekt til før julegateopninga og fakkeltoget startar fredag.

Arbeidet med å byta ut gamle vass- og avlaupsrøyr i hovudgata - eller Bydraget - går såleis mot slutten. I tillegg til å fiksa opp i det gamle røyrsystemet på Øyro, er det også lagt ned trekkjerøyr for fiber og røyr for framtidig bossug. Ifølgje Søviknes kan Os dermed bli den andre kommunen etter Bergen som får eit slikt moderne anlegg for bosshandtering.

Ein sentral møtestad

Det nye Torghuset er tenkt som eit frittståande og sentralt møtepunkt i Os sentrum. Det skal byggjast på arealet rett framfor bokhandlaren, og vil ifølgje Søviknes bli eit ope, lyst hus med mykje glasflater.

- Det skal vera rom både for servering/toalett og turistinformasjon i Torgbygget, og med plass til torghandel under overbygg på utsida, fortel ordføraren.

Langs butikkfasadane i Bydraget skal det byggjast baldakiner i glas, noko som vil gjera det langt meir komfortabelt for folk å ferdast når det regnar eller snør.