Lisbeth Fagerheim har i førsteomgang fått kontrakt på seks måneder i Marine Fabrication. Ho håper å få halda fram også utover den kontraktstida.
Lisbeth Fagerheim har i førsteomgang fått kontrakt på seks måneder i Marine Fabrication. Ho håper å få halda fram også utover den kontraktstida.

Livet smiler til Lisbeth Fagerheim (43)

Etter å ha slite i lang tid med å i det heile få lærlingplass, er Lisbeth Fagerheim no i full jobb i Marine Fabrication i Industrivegen.

I januar skreiv Os & Fusaposten om Lisbeth Fagerheim, som hadde gjortalt ho kunne for å få lærlingplass, men ingen ville ha ho, sjølv om ho hadde betre karakterar enn dei andre elevane. 43-åringen følte seg diskriminert grunna kjønn og alder. I Os var det ei verksemd som fortalde at dei ikkje gav Fagerheim plassgrunna alderen. Sakene blei omtala i januar, og det skulle ikkje gå lang tid før det starta å lausna for Fagerheim, som hadde starta å tru at det kvilte ein forbanning over ho.

– Det skjedde ei utvikling kort tid etter at de skreiv om meg. Eg fekk arbeidspraksis gjennom NAV i Marine Fabrication. Det har gått bra, og eg jobbar no som tilsett hjå verksemda. Eg fekk tilbod ein kontrakt på eit halvt år i førsteomgang, seier Fagerheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ser ut til å ordna seg

Då Os & Fusaposten vitja Fagerheim på jobb måndag, var ho i full sving i verkstaden.

– Eg kosar meg, og håpar at dette varer. Eg blir nok vurdert fortløpande, så eg er på ein måte her på prøve – enn så lenge. Skulle det vise seg å ikkje fungera, har eg i alle fall fått litt erfaring, seier Fagerheim, som var oppteken med å sveisa på ein fôrsilo.

– Eg har fått sveisesertifikatet. Eg tok kurs for å koma i mål med det. No held eg på med ein fôrsilo som skal til eit fiskeoppdrettsanlegg. Eg sveisar vertikalt, liggjande, ståande og sitjande, seier ho og ler.

No får Lisbeth Fagerheim sveisa kvar dag - nett som ho ønske seg då ho desperat søkte etter lærlingplass.
No får Lisbeth Fagerheim sveisa kvar dag - nett som ho ønske seg då ho desperat søkte etter lærlingplass.

– Det var nok mange som trudde at eg ikkje kom til å klara dette, men no ser det endeleg ut til å ordna seg.