- Slik det har vore, måtte ein springa langt for å finna noko å hjelpa seg med. Med livbøye på plass kan du lettare hjelpa andre i naud, konstaterer Bjørn Inge og Heidi ved kulturkontoret i Fusa kommune.
- Slik det har vore, måtte ein springa langt for å finna noko å hjelpa seg med. Med livbøye på plass kan du lettare hjelpa andre i naud, konstaterer Bjørn Inge og Heidi ved kulturkontoret i Fusa kommune.

Livsviktige livbøyer er på plass

Slik det har vore, måtte ein springa langt for å finna noko å hjelpa seg med viss nokon fall uti ved tømmerkaien på Leiro.

Det er kome på plass tre livsviktige livbøyer ved sjøkanten i Eikelandsosen, frå utløpet av Koldalselva til tømmerkaien på Leiro.

- Ei livbøye er hengt opp på reinsestasjonsbua ved Bunnpris. Ei heng på reinsestasjonsbua ved sjøkanten nedanfor Kommunetunet. Den tredje er sett opp ved tømmerkaien, opplyser Fusa kommune på sine heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stativet til den siste har brukarane på Trivselstunet snekra og måla i samarbeid med aktivitetskoordinator Heidi Skår Dale på kulturkontoret.

Mange fiskar med stang frå tømmerkaien, og Skår Dale har i lang tid bekymra seg for at nokon med dårlege symjeferdigheiter skulle ramla uti.

- Slik det har vore, måtte ein springa langt for å finna noko å hjelpa seg med. Med livbøye på plass kan du lettare hjelpa andre i naud, konsterer ho nøgd.Livbøyene er komne på plass gjennom Tryg Forsikring si fadderordning.

jostein@osogfusa.no