Lokalavisas ansvar

I politiske saker og saker om offentleg forvalting har me heldigvis eit lovverk som skal ta seg av spørsmål kring openheit. Me skal bidra til at dette vert følgd, og påpeika når dette ikkje skjer. Men, som lokalavis vil me koma i situasjonar der me med lova i hand KAN skriva om eit moment i ei sak, men der me likevel ikkje bør.

LEIAR: Det er bra at det vert stilt krav til lokalpressa og at det vert stilt kritiske spørsmål til måten vi utøver samfunssrolla vår på. I eit lesarbrev på osogfusa.no utfordrar Nils-Anders Nøttseter i MDG avisa og redaktøren på måten me «synleggjer dei halvgjennomskinlege prosessane i kommunen» og skriv at me har vore for slepphendte i dette arbeidet. Den kritikken tek me, og me er heilt på line når det gjeld pressas rolle som «vaktbikkje», som han skriv.

Nøttseter viser vidare til leiaren på osogfusa.no, «Adhocutvalas balansekunst», og trekkjer fram at me på leiarplass signaliserte at me ikkje skal «ri prinsippa og jakta støyen for støyen sin del, men bidra til at den konstruktive framdrifta vert oppretthalden». Nøttseter påpeikar at «prinsippa er der av ein grunn» og at det er «maktpåliggande for tilliten til forvaltninga at det som foregår er transparent». Her er me også heilt på linje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Behovet for presisering oppstår i siste avsnittet: «Det er lova som gjeld, ikkje kva redaktøren av Os og Fusaposten, ordføraren eller rådmann til ei kvar tid måtte meina er greit nok». Eg må ta delar av behovet for presisering på mi kappe. At me «ikkje skal ri prinsippa-formuleringa» må lesast i ein kontekst som eg ikkje gjorde grundig og utdjupande nok i den fyrste leiaren.

Som eg påpeikte: Lovheimel er eit uomtvisteleg krav til stenging. Openheit er eit avgjerande kriterium for eit godt demokrati. Og VISS me utelet å skriva noko frå eit ope politisk møte eller for den saks skuld frå nokre av dei andre journalistiske oppdraga me er på, så er ikkje det på bakgrunn av «befalingar» frå korkje rådmann, ordførar, politikarar, administrative leiarar eller andre maktpersonar. Då er det dei same journalistiske vurderingane som me alltid gjer, som ligg til grunn, og som skal samsvara med og ikkje gå på tvers av samfunnsoppdraget vårt.

Skulle det einaste journalistiske poenget me står att med i desse vurderingane, vera støy for støyen sin del’, så meiner eg at me som lokalavis og faktisk vårt truverde står seg på å ta omsyn til innbyggjar(ar) som er involverte i/råka av dette eventuelle momentet. I dette ligg det også noko så lite tabloid og keisamt som ikkje å jakta klikk for ein kvar pris. Men, då skal openheit, viktigheita for ålmenta, dette momentets relevans for det heilskapelege biletet, innverknaden på den demokratiske prosessen og høva for innbyggjarane til medverknad, vera huka vekk frå sjekklista vår. Med andre ord er det eit fåtal saker dette gjeld.

Truverdet til oss som lokalmedium er også avhengig av at innbyggjarane kan ha tillit til at vi jobbar for openheit og gode demokratiske prosessar kvar dag. Men min påstand er at det ikkje er noko motsetnad mellom dette og det å i gitte tilfelle ta omsyn.
Truverdet til oss som lokalmedium er også avhengig av at innbyggjarane kan ha tillit til at vi jobbar for openheit og gode demokratiske prosessar kvar dag. Men min påstand er at det ikkje er noko motsetnad mellom dette og det å i gitte tilfelle ta omsyn.

Truverde til oss som lokalmedium er også avhengig av at innbyggjarane kan ha tillit til at vi jobbar for openheit og gode demokratiske prosessar kvar dag. Men min påstand er at det ikkje er noko motsetnad mellom dette og det å i gitte tilfelle ta omsyn, omsyn som ikkje skal gå på tvers av den grunnleggjande journalistiske integriteten og vår oppgåve som avis. Slike vurderingar og prioriteringar gjer me som journalistar kvar dag og i kvar einaste sak me skriv - både i ikkje-kontroversielle og kontroversielle, ikkje-politiske og politiske saker.

Stundom kan det henda at me bommar i vurderingane våre om kva me vektlegg og ikkje, men då handlar det ikkje om fråvik av prinsipp frå vår side, men nettopp ei uriktig redaksjonell vurdering, og då får me vonleg klar beskjed frå lesarane våre om dette.

I politiske saker og saker om offentleg forvalting har me heldigvis eit lovverk som skal ta seg av spørsmål kring openheit. Me skal bidra til at dette vert følgd, og påpeika når det ikkje skjer. Men, som lokalavis vil me koma i situasjonar der me med lova i hand KAN skriva om eit moment i ei sak, men der me likevel ikkje bør, slik eg ser det. I slike tilfelle kan det ofte vera snakk om etiske problemstillingar. Parametra for desse vurderingane er forankra i vår rolle, vår oppgåve og vårt ansvar som avis. Og me tek støy når støy er påkravd. Det skal me tola, og det må også politikarane.

I desse daglege vurderingane har pressa både stor makt og ei plikt til å jobba for openheit og god offentleg forvalting. Dette ansvaret skal me vera bevisste, og me skal jobba for å visa oss verdig den tilliten som innbyggjarane faktisk skal kunna ha til pressa.

Jostein Halland