Hovuddommarane smakte seg gjennom dei 33 finale-bidraga på Gastronomsik institutt tysdag. Det er mange kjende andlet blant dommarane, som til dømes Wenche Andersen (God Morgen Norge) og Kjartan Skjelde (Masterchef og Tango Bar og Kjøkken).

Lysefjorden Mikrobryggeri: I finalen i matens Oscarutdeling

Ein stjernespekka kokkejury har denne veka smakt seg fram til blant anna årets Matspire og årets tradisjonsøl. Lysefjorden Mikrobryggeri kan vinna begge prisane.

- For oss er det utruleg stort å berre nå finalen. Eg tørr ikkje å tenkja på at me skal vinna ein gong, men om me gjer det, så er det kanskje det største me vil få oppleva nokon gong, seier sals- og marknadsansvarleg, Camilla Brekke Dalland.

Verdi på 100.000 kroner

Tidlegare denne veka har ein stjernespekka dommarjury vore samla på Gastronomisk institutt for å smaka seg fram til vinnarane i dei ulike kategoriane. Lysefjorden Mikrobryggeri er blant tre finalistar i «Årets tradisjonsøl», og i tillegg kan alle dei 33 ulike finalistane vinna «Årets Matspire», ein pris som vert delt ut av Matmerk. Prisen består av tenester for å utvikla produktets merkevare og marknadspotensial vidare og har ein verdi på 100.000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er eit stort kvalitetsstempel å få ein slik pris. Ikkje minst så hadde drahjelpen og den økonomiske støtta sjølvsagt vore kjærkomen. Ein kan ikkje koma høgare enn matspire-prisen, seier Brekke Dalland.

Rekordjamt

Prosjektleiar i Det Norske Måltid, Sivge Skretting, fortel at vinnarane er valt, men ingen får vita noko før i januar.

- Grunnen til at me vel vinnarane så tidleg, er at det lettar den praktiske førebuinga. Finalistane får ikkje vita noko før dei eventuelt vert ropt opp 8. januar, smiler Skretting.

I januar kan Lysefjorden Mikrobryggeri stå att som vinnarar av årets tradsjonsøl og årets matspire. Vinnarane er alt valt, men ingenting vert gjort offentleg før på finaledagen i Stavanger 8. januar.
I januar kan Lysefjorden Mikrobryggeri stå att som vinnarar av årets tradsjonsøl og årets matspire. Vinnarane er alt valt, men ingenting vert gjort offentleg før på finaledagen i Stavanger 8. januar.

Det skal ha vore eit "close race" i mange av kategoriane, og dommarane sit att med eit svært godt inntrykk.

- Det generelle inntrykket er at det aldri har vore så høg kvalitet. Det er eit veldig godt teikn for norsk mat og drikke. Dommarane er veldig klare på at det er eit høgt nivå, noko me forsåvidt ser att i røystegjevinga, seier Skretting.