Joakim Helland og Lysekloster klarte å stå i mot presset sjølv om Ole Thomas Herrem (t.v.) vart utvist i andre omgang.
Joakim Helland og Lysekloster klarte å stå i mot presset sjølv om Ole Thomas Herrem (t.v.) vart utvist i andre omgang.

Lysekloster imponerte på bortebane

Svein Kollen er imponert over guttane etter 3-1 siger over Spjelkavik og tre poeng med heim trass i ei utvising i kampens 60. speleminutt.

Det vart ein thriller av ein kamp på bortebane då Lysekloster møtte Spjelkavik i ettermiddag. Spjelkavik vann over tabelltopp Brattvåg for to veker sidan, og skulle såleis ikkje vera til å spøka med. Spenninga minka ikkje av at Spjelkavik sette 1-0 mot Lysekloster i tidleg i kampen. 

Men i kampens 34. minutt utlikna Kristoffer Østervold på straffe. Deretter snudde kampen, og det gjekk berre ein veg for munkane. Hjjørngård sette det andre målet før Østervold igjen var på rett stad til rett tid. Det stod 3-1 til pause.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kriging i andre omgang

Med ei solid leiing til pause gjaldt det berre å halda leiinga i andre omgang. Svein Kollen seier til Os og Fusaposten at kriginga verkeleg tok av i andre omgang. Ole Thomas Herrem gav ikkje ved dørene, og endte opp med å bli utvist. Med ti mann att på banen, greidde likevel Lysekloster å stå mot presset frå heimefavorittane. 

Imponert Kollen

Då kampen var ferdigspelt toppa altså Lysekloster tabellen, sjølv om det ser ut til å bli kortvarig. Brattvåg leda 3-0 over Varegg borte, og ligg an til å ta førsteplassen framføre Lysekloster att.

– Det er små marginar. Dei ligg hakket framfor oss, men plutseleg gjer dei ein feil, og då er me der, seier ein optimistisk Kollen. 

– Det blir fest i kveld då?

– stemninga her enorm no. Men me skal heim med flyet i kveld, så me får feira litt med måte, seier Kollen.