Ole Thomas Herrem ser mot ballen som han nokre sekund seinare stangar i mål.
Ole Thomas Herrem ser mot ballen som han nokre sekund seinare stangar i mål.

Lysekloster tapte mot botnlag

Siste kamp før ferien enda med 1-2 heime mot Haugesund 2.

Det var eit sjansefattig oppgjer i Lysekloster Framo Idrettspark. Til slutt vart det altså bortelaget som trakk det lengste strået.

0-0 til pause

Det var ingen tvil om at det var Lysekloster som var det førande laget dei første 45 minutta. Diverre for heimelaget var det veldig mykje nesten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hans-Christian Nysæther var nærast å setja munkane i leiinga etter eit dribleraid i Haugesunds sekstenmeter, men skotet vart blokkert i siste liten.

Vakkert hovudstøt

Det skulle berre gå sju minutt av andre omgang før kvittrøyene endeleg fekk hull på byllen. Eit Ole Thomas Herrem møtte eit perfekt innlegg fra høgre, og stanga Lysekloster i leiinga.

Snaue kvarteret etterpå svara gjestane etter skot frå skrått hold på høgresida.

Hans-Christian Nysæther hadde eit fantastisk dribleraid i første omgang, men skotet vart blokkert i siste liten.
Hans-Christian Nysæther hadde eit fantastisk dribleraid i første omgang, men skotet vart blokkert i siste liten.
Chris Sunde Midtun spelte sin siste kamp i Lysekloster-trøya. Diverre måtte han henta ballen ut av nettet to gongar i løpet av kvelden.
Chris Sunde Midtun spelte sin siste kamp i Lysekloster-trøya. Diverre måtte han henta ballen ut av nettet to gongar i løpet av kvelden.

Nye 15 minutt gjekk og nok ein gong var det Haugesund som fekk ballen i mål, og også denne gong frå høgresida og via stolpen.

-Skuffande

Haugesund ridde av stormen dei siste ti minutta, og jubla som om dei skulle ha vunne serien då fløyta gjekk.

- Vi gjer ein veldig skuffande fotballkamp. Eg synes ikkje Haugesund fortente å vinna kampen, dei scorer på begge skota dei har innenfor stengene. Samstundes har vi nok sjansar til å scora to mål. Likevel må vi sjå oss sjølv i spegelet, for det vi leverer i idag er ikkje godt nok, fortel ein skuffa Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik etter kampen.

Ser framover

Etter ein kamp som ikkje gjekk på skinner, er trenaren rask med å sjå fram mot neste kamp.

- Vi må berre leggja dagens forestilling bak oss, og få den ut av hovudet. Allereie no har vi byrja å gleda oss til kampen mot Brattvåg etter ferien, avsluttar Hetelevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

post@osogfusa.no