Den pensjonerte sjukepleiaren Toril Isachsen har flytta tilbake til Os og starta eigen praksis i Stølsvegen. – Folk vert forferdeleg slitne i ein stressande kvardag. Det gjer oss meir sensitive for omgjevnadene, og ein kjem i ubalanse og mister energi. Det kan enkle teknikkar og øvingar gjera noko med, seier ho.
Den pensjonerte sjukepleiaren Toril Isachsen har flytta tilbake til Os og starta eigen praksis i Stølsvegen. – Folk vert forferdeleg slitne i ein stressande kvardag. Det gjer oss meir sensitive for omgjevnadene, og ein kjem i ubalanse og mister energi. Det kan enkle teknikkar og øvingar gjera noko med, seier ho.

Lyspunktet-Os: – Av og til må ein tenkja utanfor den tradisjonelle boksen

Tidlegare sjukepleiar Toril Lem Isachsen ser ingen grunn til å pensjonera seg. – Det er naudsynt med eit breitt tilbod i dagens samfunn.

I eit tilbygg til heimen hennar i Stølsvegen går ein inn i eit innbydande rom. Musikken er dempa, det luktar svakt søtleg røykelse og ein føler straks ei ro når ein set seg ned i ein av dei to stolane som står der. Langs veggen står ei bokhylle fullstappa med litteratur, på andre sida står ein behandlingsbenk. På veggen heng plakatar med all informasjon ein kan tenkja seg om kroppen.

– Eg driv med fleire typar terapi, som einheitsterapi, akupunktur og blomstermedisin. Einhetsterapi omfattar fleire ulike tilnærmingar og metodar, som til dømes terapeutisk berøring, akupressur, energimedisin, pust- og rørsleøvingar og rettleiing i kosthold og næring. Veldig ofte er problema samansette, og ein må ta omsyn til både kropp og sinn, forklarar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Meistre eiga liding

Mange vil kanskje seia at tilbodet til Toril er utradisjonelt. Sett med vestlege auge i dagens samfunn, er også alternative metodar, samanlikna med tradisjonell skulemedisin, noko utradisjonellt. Det ligg i orda. Men for Toril er det viktig å visa forståing for at ikkje alle problem kan kurerast med «berre» ein tablett.

– Mange lidingar kan vera kompliserte å meistra. Noko kan enkelt kurerast hos lege eller på sjukehus, andre lidingar er kroniske og gjev hyppige plager. Me som driv med einheitsterapi fokuserer på heile mennesket. Målet er å forstå si eiga liding, og læra å meistra henne, forklarar ho.

— Stress gjer oss sensitive

Kva slags liding ein har treng ikkje spela så stor rolle for korleis ein skal handtera den. Noko så enkelt som langvarig stress kan utløysa mange ulike plager.

– Av og til må ein sjå ut av den tradisjonelle skulemedisinske boksen, og prøva andre alternativ. Oljer frå ulike plantar til dømes påverka kjensler, forklarar Isachsen.
– Av og til må ein sjå ut av den tradisjonelle skulemedisinske boksen, og prøva andre alternativ. Oljer frå ulike plantar til dømes påverka kjensler, forklarar Isachsen.

– Me har det frykteleg travelt i dag. Folk vert slitne. Det er så mykje ein skal rekka over i kvardagen og stella oss til. Me vert meir sensitive og sårbare for omgjevnadene, og mange kan ha stor nytte av dei ulike metodane eg bruker, til å læra og handtera stress og plager på ein betre måte, fortel ho.

– Ein kan seia at eg driv med meistringsmedisin. Eg lærer klientane å hjelpa seg sjølve, ofte i samarbeid med tradisjonell medisin. Mine behandlingstilbod kan supplera fastlegens behandling, for alt eg gjer er heilt trygt for absolutt alle, legg ho til.

Vil bidra til trivsel i Os

Sjølve praksisen, Lyspunktet-Os, starta ho i vår etter at ho var ferdig med utdanninga innan Enhetsterapi vedSenter for livshjelp i Ski.

– Eg har teke ei treårig utdanning i regi av lege Audun Myskja. Han har over 40 års erfaring med integrert medisin og har utvikla konseptet. Grunntanken er at alle har unike ressursar, og ein treng ikkje vera sjuk for å bruka metodane. Om ein føler seg litt ute av balanse og ønskjer meir livskraft og energi, kan teknikkane gje mykje hjelp på vegen, seier ho.

Den tidlegare sjukepleiaren budde i Os på 80-talet, før ho flytta tilbake til Bergen der ho er fødd og oppvaksen. No er det tredje året med fast adresse i Os, og ho seier det er godt å vera tilbake.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er glad i Os, og trivst godt her, seier ho.

karfors88@gmail.com