Opposisjonspartia set spørsmål ved at statssekretær i farspermisjon Tom-Christer Nilsen dukka opp på eit ikkje-politisk møte i regi av Statens vegvesen.
Opposisjonspartia set spørsmål ved at statssekretær i farspermisjon Tom-Christer Nilsen dukka opp på eit ikkje-politisk møte i regi av Statens vegvesen.

- Maktdemonstrasjon og rolleblanding i Oseana

LESARBREV: Opposisjonen i Os reagerer på at Tom Christer Nilsen, statssekretær i samferdsledepartementet og sentral Høgre-politikar, dukkar uanmeldt opp på folkemøte i regi av Statens vegvesen.

Torsdag var det folkemøte i Oseana om E39 Stord-Os. Statens vegvesen inviterte, og på agendaen stod tre punkt: status i planleggingsarbeidet og vidare prosess, gjennomgang av innspel om korleis ein kan utvikla og ta vare på området rundt Søre Øyane for friluftsføremål; både i framtida med bru og under ein anleggsperiode og innsikt i aktuell bruteknologi for bru over Bjørnafjorden. 

Overraskinga var derfor stor for frammøtte opposisjonspolitikarar og brumotstandarar då det blei klart, i det møtet byrja, at Tom Christer Nilsen, sentral Høgre-politikar og statssekretær til samferdsleministeren, skulle informera om Nasjonal Transportplan (NTP). Ordførar Marie Bruarøy (H), som også leia møtet, opplyste at Nilsen er i pappaperm, og ikkje representerte regjeringa. Han var invitert av di han har god kjennskap generelt til NTP.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forutan å driva vaksenopplæring om gangen i NTP, trekte Tom Christer Nilsen også fram at Hordfast er eit viktig, samfunnsnyttig og klimavenleg prosjekt. Både ordførar Marie Bruarøy og prosjektleiar Signe Eikenes understreka seinare i møtet, då det kom anti-bru-ytringar frå publikum, at dette ikkje var eit politisk møte.

Ber om svar 

Opposisjonen i Os reagerer på hendinga, og har fleire spørsmål:  

• Vi opplever ad hoc-invitasjonen som eit forsøk på maktdemonstrasjon, frå Høgre lokalt og sentralt. Tom Christer Nilsen er ein ihuga Hordfast-talsmann og Høgrepolitikar på nasjonalt nivå. Kvifor stiller han på eit lokalt folkemøte som skal gje praktisk informasjon om prosess og status om bru og ilandføring for innbyggjarane i Os kommune?    

• Vi meiner også at det er uheldig rolleblanding her. Når statssekretær og stortingskandidat Tom Christer Nilsen ikkje representerer regjeringa, kven representerer han då; særleg dersom det ikkje skal vera eit politisk møte?

• Statens vegvesen står som arrangør, men ordføraren tek med seg ein meiningsfelle og sentral politikar i siste liten. Kven bestemmer agenda og kven som får snakka på folkemøta, Statens vegvesen eller ordførar Marie Bruarøy?  

Vi ber ordføraren svara på desse spørsmåla så snart som råd. 

Miljøpartiet Dei Grøne Os, Os Senterparti, Os Venstre, Kristeleg Folkeparti Os og Tverrpolitisk Samlingsliste