Er det offside. Vurder sjølv på videoen frå Lysekloster IL.
Er det offside. Vurder sjølv på videoen frå Lysekloster IL.

Målet skulle ikkje vore annullert

Dommar Hagenes har kanskje ei god sak på to av situasjonane, men Lyseklosters første mål mot Varegg skulle ikkje vore annullert.

Tidlegare tysdag fekk Hovding-dommar Kristoffer Hagenes høve til å kommentera den krasse kritikken han mottok etter kampen han dømte mellom Lysekloster og Varegg laurdag.

I saka uttalte dommaren at han var sikker på at han hadde gjort rett i dei tre sakene som vart diskutert. Os og Fusaposten sit no på videobilete som tydeleg viser at annulleringa av 1-1-målet til Durim Muqkurtaj ikkje er rett. Ikkje er Durim bak keeper når han set returen inn, og det er minst to forsvarar mellom han og mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje noko å argumentera mot

Sportsleg leiar i Lysekloster Svein Kollen seier at videon var forsøkt sendt til dommaren etter kampen laurdag, men at grunnen til at han ikkje hadde motteke han, var at dei hadde sendt til feil adresse.

– No skal han i alle høve ha fått han. Etter dei bileta skal det overraska meg svært mykje om han ikkje vedgår at han gjorde feil, seier Kollen.

Os og Fusaposten har ikkje lukkast med å få ny kommentar frå dommar Hagenes etter at han mottok videoen.

Lysekloster IL har derimot fått  tilbakemelding frå Hagenes via mail. Her skriv han at det er vrient å sjå på videoen om ikkje Kristoffer Østervold (nr 14) i nestsiste situasjon før Durim banker ballen i mål, er i offside.

Lysekloster og underteikna meiner derimot at det er tydeleg å sjå at både Vareggs keeper og ein annan forsvarar, som nærast står på streken, er innanfor Østervold.

Os og Fusaposten fekk kontakt med dommar Hagenes på slutten av dagen tysdag - då med ei ny oppleving av bileta.

– Eg brukar å leggja meg flat når eg tek feil, og det gjer eg no også. Når eg ser bileta på stor skjerm, ser eg at Østervold ikkje er i offside. Lysekloster hadde ei god sak. Det er berre å beklaga..

kenneth.svenningsen@osogfusa.no