(
(

Måndagsfest forstyrra natteroa i sentrum: – Ikkje første gong politiet har rykt ut til denne adressa

Ein patrulje måtte køyra frå Bergen til Os for å roa ned nokre som bråka litt vel mykje.

– Dette er eit problem som går at. Det er ikkje første gong at vi har måtte roa ned ein fest på denne adressa, i Os sentrum, seier politioverbetjent, Anne Lyssand.

Ordna seg etter at politiet hadde vore der

Det var natt til tysdag at ein patrulje frå Bergen måtte ta turen til Os for å stoppa festen, eller i alle fall få festdeltakarane til å dempa seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ein nabo som melde frå. Dei fekk beskjed om å ta det roleg. Dei som var til stades, er personar som politiet kjenner til frå før av. Vi har ikkje høyrd noko meir om dette, og reknar med at dei gjorde som dei fekk beskjed om, seier Lyssand.