Hanna Bergslid Tjøstheim får god hjelp av Egil Gjelland.
Hanna Bergslid Tjøstheim får god hjelp av Egil Gjelland.

Mange ville prøva seg som skiskyttarar

Trass grått vèr var det mange som stilte opp på skiskytingens dag på Bygdastølen palmesøndag.

Dei som møtte opp ville gjerne treffa blink med ekte skiskyttarbørse og øva seg på skøyteteknikk. Mads Sagstad-Hjelle frå Fusa var fyrstemann som klarte fem blinkar rett ned. Etter han var det fleire som kunne jubla over gode skyteseriar.

Flinke folk frå Hålandsdalen IL gav god hjelp til små og store. Den yngste jenta, 1.klassingen Hanna Bergslid Tjøstheim frå Sandnes, fekk premie for best uthaldenheit. Sjølv om blinkane var vanskeleg å få ned, gav ho aldri opp, og til slutt trefte ho blink.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ute på skistadion var det teknikktrening. For å klara å skøyta på ski er det veldig viktig å ha god balanse. Det var derfor ein del leik og øvingar utan stavar. Dette er både nyttig og gøy.

På programmet var det også eit lite smørekurs. I skiskyting er det viktig med god glid, og ei kort innføring i korleis ein kan smørja ski, vart sett pris på av fleire frammøtte.

Fire samanlagtvinnarar frå HI

Fire av åtte samanlagtvinnarar i Gla’laks-cupen er frå Hålansdalen: Guro Femsteinevik, Kristoffer Haugse Rød, Hedda S. Kåsa og Eirik Hjartnes. Dei vann alle med max poengsum.

Maria Haugse Rød øver skøyteteknikk med Oscar Sagstad-Hjelle.
Maria Haugse Rød øver skøyteteknikk med Oscar Sagstad-Hjelle.
Mange ville prøve skiskyting på Skiskytingens dag på Bygdastølen.
Mange ville prøve skiskyting på Skiskytingens dag på Bygdastølen.
Smørekurs med Ståle Rød.
Smørekurs med Ståle Rød.
Familien Meunier er særleg interessert i skiskyting. Dei kjem frå Frankrike, men bur no eit halvt år i Noreg, bl.a. for å læra meir om skiskyting.
Familien Meunier er særleg interessert i skiskyting. Dei kjem frå Frankrike, men bur no eit halvt år i Noreg, bl.a. for å læra meir om skiskyting.
Alltid engasjerte Ann-Elen Skjelbreid gir alt i ski-tikken.
Alltid engasjerte Ann-Elen Skjelbreid gir alt i ski-tikken.

Hedda S. Kåsa vart også vinnar av skytecupen. Ho har vore den i Gla’laks-cupen som har gjort det aller best på skytebanen denne vinteren.

jostein@osogfusa.no