(
(

Mann fekk besøksforbod

Dei neste tre månadene må ein mann i 30-åra halda seg borte frå eit ektepar i Os, som har opplevd mannen som truande.

– Ekteparet har meldt frå om at mannen har oppsøkt dei fleire gonger i samband med ein konflikt. Dei har opplevd han som truande på deira tomt. Mannen får tre månader besøksforbod mot eigedomen, seier politioverbetjent, Audun Hadler-Olsen.

– Kva vil det seia å få eit besøksforbod?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er litt forskjellig kva som ligg i eit besøksforbod, men ein har ikkje lov til å ta kontakt på telefon, SMS eller e-post. Ein har heller ikkje lov til å oppsøkja personane. Dette gjeld begge vegar. I nokre tilfelle blir det lagt restriksjonar om så og så lang avstand frå eigedomen eller personane. Det kan vera litt problematisk i ein del tilfelle, til dømes om det er ein krangel mellom naboar, seier Hadler-Olsen.