(
(

Mann frå Os dømt til fengsel etter funn av overgrepsbilete

Mannen i 30-åra skal ha hatt minst 257 bilete av born i seksuelle situasjonar med vaksne og andre born. Han skal også ha sendt seksualiserte meldingar til ei yngre jente i nær familie.

I følgje dommen gjorde vedkomande i perioden 2005 til 24. oktober 2016 seg kjent med videofilmar og bilete som framstiller seksuelle overgrep mot born og som seksualiserer born, ved å gjennomføra planmessige søk på internett. På to mobiltelefonar og ein datamaskin som tilhøyrer mannen, blei det gjort funn av minst 257 bilete som viste born i seksuelle situasjonar med vaksne, born i seksuelle relasjonar med andre born og born som utfører seksuelle handlingar med seg sjølve.

Seks månader i fengsel

I april 2015 skal mannen ha teke kontakt med ei jente i nær familie på Facebook og skrive fleire seksualiserte meldingar til ho. Han skal også ha sendt nakenbilete til ho. Sikta tilstod forholda i politiavhøyr i november 2016, og gjorde det same i retten i juli i år. I dommen legg retten vekt på at seksuelt krenkjande åtferd over internett er eit aukande samfunnsproblem som det må reagerast strengt mot. Etter tilståingsrabatt på 15 prosent og lang sakshandsaming, kom retten fram til at seks månader i fengsel er ein passande dom for mannen i 30-åra.