(
(

Mann gjekk rundt med våpen i bustad og knuste gjenstandar

Ein rusa mann i 20-åra skal ha vore sint og krangla med to vaksne. Samstundes skal han ha hatt våpen i nevane.

Det var i 22-tida søndag at politiet melde på Twitter om ein rusa mann i 20-åra som hadde krangla med to vaksne på ein bustad. Vidare skriv politiet at det er meldt at same person går rundt med eit våpen. Ein av dei som var til stades, skal ha gått ut for å ringa til politiet.

Klokka 22.45 melder politiet om at dei har kontroll på vedkomande. Han skal ha knust nokre gjenstandar inne i bustaden, men ikkje nytta våpen. Mannen blei ifølgje politiet sett i varetekt, før han skulle framstillast for legevakt opp mot psykiatri og ruspåverking.