Det var totalt tre personar i bilen. Sjåføren hadde ikkje førarkort og det vart teken blodprøve av mannen etter mistanke om køyring i ruspåverka tilstand.

Mann låg i vegbanen

Politiet i Fusa fekk onsdag melding om ein mann som låg i vegbanen i Eikelandsosen.

- Me fekk fyrst melding om at det stod ein bil parkert i vegen. Det vart også meldt om ein mann som låg i vegbanen. Han vart send til legevakta i Bergen med mistanke om overdose, fortel lensmann Ove Ivarhus.

Det var totalt tre personar i bilen. Sjåføren hadde ikkje førarkort og det vart teken blodprøve av mannen etter mistanke om køyring i ruspåverka tilstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette var ikkje lokale folk, fortel Ivarhus, som opplyser at dei også fann det dei mistenkjer er tjuvegods i bilen.

jostein@osogfusa.no