Politiet måtte i helga mekla mellom ein mann og ei dame som var på date.
Politiet måtte i helga mekla mellom ein mann og ei dame som var på date.

Mann ringde politiet for å få dei til å køyra daten heim

Det kan verka som at daten ikkje gjekk heilt etter planen, for ut på natta ville han senda kvinna som var på besøk heim i politibil.

– Vi hadde eit oppdrag i Fusa natt til søndag. Det var ein kar som hadde fått damebesøk. Ut på kvelden skar det seg mellom dei to. Ingen av dei var køyrbare, så då ringde han til politiet for å få oss til å køyra ho heim, seier vakthavande politibetjent I Fusa Anders Opsal.

Måtte avliva hjortekalv

Kvinna budde eit godt stykke unna, og det var ikkje aktuelt for dei å køyra ho heim.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvifor tok ho ikkje taxi?

– Han ønskte ikkje å betala for ho, og ho hadde ikkje pengar med seg, seier Opsal og legg til:

– Vi mekla med dei, og eg trur kvinna til slutt enda opp med å overnatta hos han.

Det har skjedd fleire ting i Fusa i helga. Det kom inn melding om at det var folk på isen på Skogseidvatnet.

– I denne saka blei det lokale brannvesenet varsla, fortel Opsal.

Det er også blitt påkøyrd nok ein hjort i Fusa i helga.

– Laurdag morgon blei det oppdaga ein skadd hjortekalv i vegbanen.

– Kalven var i live, men berre så vidt. Han såg ut til å ha blitt påkøyrd. Viltnemnda blei kontakta. Dei avliva han, seier Opsal.