Systrene Evensen slo til med gull til Maren (f.v.) og sølv til Sofie. Daniel Myklebust Fjellstad skaut til gull.
Systrene Evensen slo til med gull til Maren (f.v.) og sølv til Sofie. Daniel Myklebust Fjellstad skaut til gull.

Maren vart trippel vestlandsmeister

Osingane Daniel Myklebust Fjellstad og Maren Evensen slo begge til med siger i Vestlandsstemnet i Rosendal. (Saka er oppdatert)

– Dette er utruleg bra, rapporterer ein strålande blid pappa og skytterentusiast Jan Kristian Evensen. 

Før dagens finaler, leia dottera Maren Evensen bane med 250. I felt låg ho på tredje plass med 30/27 i klassen eldre rekrutt. I finalen gjekk ho heilt til topps og vart vestlandsmeister.

Artikkelen held fram under annonsen.

Før dagen var omme vann ho også 100 meter bane i klassen Eldre Rekrutt med 350 poeng. Dermed er ho dobbel vestlandsmeister og medlem i 350-klubben.

Maren gav seg likevel ikkje her. Ho skaut nemleg 30/27 på innleiande feltskyting, følgde opp og skaut 6/5 og 6/6 i finalen. Sanneleg vart ho vestlandsmeister i feltskyting også.

Heilt til topps gjekk også Daniel Myklebust Fjellstad i rekruttklassen. Han fekk 30/12 på innleiande skyting, og i finalen skaut han 6/4 og 6/4 og enda med 42/8.

Gaute E. Bergstø og Maren Evensen. I midten til høgre sit storesyster Sofie Evensen og ved sida Daniel Myklebust Fjellstad.
Gaute E. Bergstø og Maren Evensen. I midten til høgre sit storesyster Sofie Evensen og ved sida Daniel Myklebust Fjellstad.

Daniel fekk også en 7. plass etter finaleskyting på 100 meter bane.

Sofie Evensen, som hadde ein femteplass frå laurdagen med 30/21 på felt og 247 på bane i klassen Junior, skaut seg opp til ein sølvplass i feltskytinga.

Ho enda på ein sjette plass på 100 meter bane.

Godt vaksne meistrar frå Os

Reidar Dahle skaut 100 i finalen og enda med 349 poeng og er ny vestlandsmeister i klassen V75.

I lagskyting i klassen Veteran deltok to medlemer frå Os, Reidar Dahle og Arvid Austefjord, saman med Gunnbjørg Ågotnes og Geir Rosnes. Desse stilte som Hordaland lag 1 og vann lagskytingen med 394 poeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oddvar Drange fekk en 2. plass på 100 meter bane i klassen V65.

Godt vaksne meistrar frå Fusa

Også Hålandsdalen/Eikelandsfjorden skyttarlag gjorde det skarpt i fleire klasser.

Arne Rød vart vestlandsmeister baneskyting på 200m i klasse Veteran 55 år. Rød leia etter fyrste dag med  248 poeng og følgde opp i finalen med fullt hus og 100 poeng, til saman 348 poeng og meisterskapstittel.

Han gjorde det også bra på både feltskyting, stangskytinga og felthurtigskyting. Laget hadde i tillegg fleire andre finaledeltakarar i andre klassar/øvingar.

Fusingen Håkon Ådland, som skyt for Tysse skyttarlag, enda på  ein tredje plass i V55 bane.

Av kvinnene slo Sølvi Løberg frå Strandvik til med 28/19 og ein andre plass i klassen nybegynnar vaksen. Ho fekk også 243 på bane og vann dermed klassen. 

Ikkje til topps

Fleire andre osingar deltok også, utan å nå heilt til topps. Desse var Gaute Eide Bergstø, Oddvar Eikemo, Odd Gorm-Hansenog Rolv Lekven.