Av 150 Kitch´n-butikkar, blei Marianne Havsgård sin på AMFI Os kåra til den beste i 2018.
Av 150 Kitch´n-butikkar, blei Marianne Havsgård sin på AMFI Os kåra til den beste i 2018.

Marianne sin butikk blei kåra til landets beste i 2018

– Eg blei litt sjokkert, seier Marianne Havsgård.

Det er seks år sidan Havsgård tok over Kitch´n-butikken på senteret.

– Vi har i grunn hatt god utvikling heile vegen. Årets butikk går ikkje på salstal, men på mange ulike kriterium, som til dømes auke, orden og kontroll. Eg blei sjokkert. Det var ikkje noko eg hadde venta. Det er om lag 150 butikkar i Noreg, seier Havsgård.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var i helga at dei blei kåra til Årets butikk 2018, og Havsgård og dei fire tilsette kunne jubla.