Olaug Gjelsvik og Henning Heimdal legg ikkje frå seg ballongane sjølv om Lilleballong-butikken no er historie.
Olaug Gjelsvik og Henning Heimdal legg ikkje frå seg ballongane sjølv om Lilleballong-butikken no er historie.

– Me kjem alltid til å vera ballongmenneske

Lilleballong er historie, men Henning Heimdal og familien gjev ikkje slepp på gleda av å laga ballongar.

– Ein gong ballongmenneske, alltid ballongmenneske, seier Henning Heimdal på spørsmål om osingar har sett familien med ballongar for siste gong.

Etter at han tidlegare onsdag proklamerte at Lilleballong meld oppbod, fortel han til Os og Fusaposten at han håpar å halda fram med ballongar, men i litt mindre skala.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har alt laga til ein ballongverkstad i heimen på Kuventræ, og fleire i familien har den høgste ballongartist-utdanninga ein kan få – ein såkalla CBA-utdanning, så det er klart, me kan ikkje hiva det heilt på båten, konstaterer Heimdal.

Han har også eit håp om å få bruka «Lilleballong»-namnet» vidare i ein annan samanheng.

– Lilleballong var eit namn eg alt nytta då eg reiste rundt og laga ballongfigurar for mange år sidan. I så måte håpar eg at familien kan få lata namnet overleva stenginga av sjølve butikken.

Halvert omsetning

Lilleballong flytta til Drageset-bygget i påsken i fjor. Etter det hadde dei ein fin vår i Os sentrum. Denne våren har det gått langt tråare for familien Heimdal og Gjelsvik.

– Me har fått merka ein del til miljø-kampanjen mot heliumsballongar. No i mai har me nær halvert omsetninga så langt, seier Heimdal.

Sist veke hadde familien eit ørlite håp om at det ville gå seg til, men etter 17. mai fann dei det naturleg å vedgå at det ikkje var marknad for ballongsal av denne typen storleik i Os sentrum.

– Me selde berre 30-40 ballongar på 17. mai. Det var nok dråpen, vedgår han.

Ikkje ulovleg

Den siste tida hadde Lilleballong stadig vekk folk oppom som hevda at dei gjorde noko ulovleg. Det tok også frå dei motivasjonen og lysta til å driva vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fleire små born var oppom og sa at det var ulovleg å selja heliumballongar. Det er vanskeleg å argumentera mot folk som er blitt feilinformert, kommenterer Henning tørt.

– Ja, for det er jo ikkje slik at det er ulovleg?

– Nei, det var nokre stader det var ulovleg å selja, men det har aldri vore ulovleg å laga. Dessutan har me jo prøvd å argumentara for at den heliumen som vert brukt i ballongar, er avfallprodukt frå sjukehusa, altså noko som ikkje kan nyttast til anna, men det ser ut til at folk rett og slett ikkje VIL forstå, sukkar Henning.

Han ser no for seg å halda fram med utleige av hoppeslott, popcornmaskin og underhaldning til bursdagar og andre arrangement i Os.

– Det er ikkje slik at folk ikkje lenger vil sjå oss. Og ballongane vil alltid vera med, på eit eller anna vis, avsluttar Henning.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no