Håvard Lorentzen, her saman med Sverre Lunde Pedersen som tok gull på 5.000-meteren i går, meiner å ha funne årsaka til at det har gått trått den siste tida.
Håvard Lorentzen, her saman med Sverre Lunde Pedersen som tok gull på 5.000-meteren i går, meiner å ha funne årsaka til at det har gått trått den siste tida.

Meiner å ha funne årsaka til sviktande resultat

Håvard Holmefjord Lorentzen har ikkje følt at forma har vore dårleg, men resultata har . I forkant av 500-meteren fredag, kan problemet vera løyst.

Håvard Holmefjord Lorentzen har alt vore på isen ein gong under VM på enkeltdistansar. Han var del av laget som gjekk teamsprint fredag. Dei fekk løpet øydelagt då Bjørn Magnussen fall.

Feil med eine skøyta

Innleiinga til VM har ikkje vore god for Lorentzen, som sjølv har følt at kroppen og forma har vore fin, men likevel har han ikkje klart å hevda seg heilt i toppen, om ein ser bort frå sprint-EM der han tok sølv. No meiner Lorentzen at dei har funne årsaka til resultata den siste tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var bogen under eine skøyta som ikkje var så god. Det er berre snakk om litt mindre stål no, men eg kjenner alt forskjellen. Eg har gått på skøyten tysdag og torsdag, fortel Lorentzen til Aftenposten.

500-meteren startar 16.50 fredag.