Melding om død hund

Politiet fekk i helga melding om ein død hund som låg ved Bjørnavegen på Halhjem.

– Hunden skal vera kvit og halvstor, med sort på ryggen. Moglegvis ein terrier-type. Tipsar seier fortalde at hunden låg ved ein fjellkant i tang, så det er mogleg at hunden har kome sjøvegen. Vi har meldt saka vidare til Os kommune, seier politioverbetjent, Audun Hadler-Olsen.

Rusa ungdom

Natt til søndag blei det gitt to pålegg til to ungdomar i 18-årsalderen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei var begge rusa og fekk beskjed om å koma seg heim, noko dei gjorde, seier Hadler-Olsen.