Snakk med oss, skriv Bjørn Bøe. F.v. Bjørn Bøe, Knut Børgesen og Marie Hauge.
Snakk med oss, skriv Bjørn Bøe. F.v. Bjørn Bøe, Knut Børgesen og Marie Hauge.

Melodi Grønt Parti

Du treng ikkje skifta livsstil eller la bilen stå for å ta denne utfordringa frå Miljøpartiet Dei Grøne. Er du sporty nok?

“MDG vil riva opp vegane våre og fjerna kvar meter asfalt!“. “Med MDG må alle køyra hest og kjerre!“. “MDG er urealistiske og lite gjennomtenkte!“. “MDG har naiv politikk”. “Med MDG går Noreg konkurs”. “MDG er eit reint miljøparti, utan planar for noko som helst anna“. “Alle blir arbeidsledige med MDG!“. “Miljøpartiet Dei Gale!“

Høyrest dette kjent ut? Du har kanskje sagt noko av dette sjølv? Desse påstandane - henta frå min eigen Facebook-straum - er blant dei vanlegaste av dei mange, mange, mange påstandande om MDG som vert spreidde på nett og folkemunne, spesielt no i dei siste dagane før valet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vil kanskje overraska deg at felles for desse påstandane er at dei er usanne. Om ein skal vera ueinig i MDG sin politikk, og det skal ein sjølvsagt kunna, er det ikkje då ein fordel å vera ueinig i det som faktisk er MDG sin politikk, ikkje “fake news”?

Akkurat difor skriv eg dette.

I løpet av denne valkampen har eg, som ein av dei frivillige i Miljøpartiet Dei Grøne, stått på stand, banka på dører, diskutert og kverulert. I all ærlegheit er eg heilt sikkert minst like lei av politikk og valkamp som deg, men grunnen til eg held ut, er at å få fram rett bodskap er enormt viktig.

Det har stort sett vore triveleg. Folk flest er glade i å prata med andre folk, og dei aller, aller fleste er opne for å høyra på det andre meiner. Det er likevel forbløffande kor mange eg har snakka med som har riv ruskande galen oppfatning av kva det er MDG står for, kor i det politiske landskapet MDG står, og kva som er politikken vår. Det utrulege er at det er minst like mange som har høyrd at MDG er kommunistar som at MDG er like langt ute på borgarleg side som Frp. Blokkuavhengigheit har sine ulemper.

Men det er like forbløffande kor mange som tydeleg blir overraska over kva MDG eigentleg står for, og som går frå oss, om ikkje akkurat som nyfrelst miljøaktivist, så i alle fall som ein som kan vera einig i at det ikkje er så hakkande gale det desse grøne står for, når alt kjem til alt. Kjem dei til å stemme på oss? Kanskje ikkje. Men dei vil nok ikkje lenger bidra til å bygga opp feilaktige bilete av oss.

Og det er difor det er så viktig for oss å koma ut blant folk og møta dykk veljarar. Møta dykk på senteret, i sentrum, på heimebane, eller til og med på fjellet. Fordi det er så mange av dykk som, i eit politisk debattklima der det først og framst handlar om å rakka ned på andre parti, ikkje har fått med dykk kva MDG eigentleg står for og representerer. Lat oss vere ærlege - det er like usannsynleg at du kjem til å lesa heftet vårt som det er at eg kjem til å lesa kommentarfelta på Nettavisen sine anti-MDG-sakar. Så i staden vil eg gje deg ei utfordring som eg håpar du er sporty nok til å ta: Snakk med oss.

Kom bortom til vår valstand, og sjekk ut kva vi driv med.

Ta deg fem minutt til å snakka med oss om vi kjem på døra di - eg lovar at vi ikkje skal trenga oss på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hels på ein person i “GRØNN” t-skjorte. Eg går god for at dei er trivelege.

Framfor alt, spør oss. Om kva politikken vår er, på område som du bryr deg om, og om kva som eigentleg er greia med avvikling av oljeindustrien, og samstundes behalda arbeidsplassane og velferdsstaten. Om skule, helse, vegar! Kva vil vi eigentleg med vegane? Det kan vi fortelja dykk.

Slå av ein prat, og bli kjend med oss.Eg trur du kan bli overraska.

Godt val!

Bjørn Bøe

Miljøpartiet Dei Grøne Os