Mighty Magnolias spelte under Osfest sitt nyttårsarrangement i Nore Neset-hallen i fjor. No er bandet med medlemer frå Os og Fusa også klare for festivalen i august.
Mighty Magnolias spelte under Osfest sitt nyttårsarrangement i Nore Neset-hallen i fjor. No er bandet med medlemer frå Os og Fusa også klare for festivalen i august.

Mighty Magnolias frontar dei lokale innslaga på Osfest

Ein kvar festival med respekt for seg sjølv har lokale innslag. Osfest har tre. Mest lokale er Mighty Magnolias.

– Osfest skal vera ein festival også for mindre kjente band og lokale artistar. Me er stolte over å få presentera Mighty Magnolias og Majorleap, som spelar hos oss laurdag 12. august, og Testpilot som startar festivalen dagen før, fredag 11. august, seier festivalsjef Tor Egil Hylland.

Os og Fusa-band

Mighty Magnolias vart ein realitet etter at dei tidlegare ORBO & The Longshots-medlemene og søskena Ine og Stian Tumyr møtte Emil Nortveit på ein festival i 2013. Sidan fekk dei med seg Emils musikk-kompisar frå Fusa, brørne Erik og William Rolland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Låtskrivar Emil Nordtveit har ikkje lege på latsida sidan bandet vart starta. Han skreiv samtlege av låtane på debutplata «Somwhere North of Nowhere». Plata vart i fjor rost opp i skyene av eit samla kritikarkorps i Noreg.

I vinter har bandet vore tilbake i Snaxville Studio på Romerike og starta arbeidet med oppfølgjaren til debutplata.

Første smakebit vert singelen «From a Higher Groound».

Majoerleap frå Bergen spelar energisk pop/rock.
Majoerleap frå Bergen spelar energisk pop/rock.

Rocka pilotar

Dei to andre lokale alibia er frå bergensområdet. Majorleap er eit band som har halde det gåande i mange år, og som frontar melodisk pop/rock med høg dose av energi. Bandet er i dag aktuelle med si nye plate «The Idealist». Bergensmagasinet trilla terninkast seks for dette albumet.

Åsanebandet Testpilot har medlemer med fartstid frå ulike musikksjangarar, men i Testpilot-konseptet handlar det utelukkande om rock, og til dels tung rock.

Med låta «Chuck Yeager» gjekk bandet i fjor til topps i Rockman.no si kåring av årets rockelåt.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no