Armin Palislamovic lèt seg ikkje stoppa av litt oppkast. I helga tok han sølv i NM sjølv om han var sjuk.
Armin Palislamovic lèt seg ikkje stoppa av litt oppkast. I helga tok han sølv i NM sjølv om han var sjuk.

Mista bronsen då han måtte gå for å kasta opp (!)

Armin Paloslamovic leidde 5-0 i bronsefinalen, då han vart diskvalifisert for å ha forlatt matta for å kasta opp (!).

For første gong i historia stod Os Karateklubb denne helga som arrangør av NM i karate. 200 deltakarar frå nær 40 klubbar var på plass. Sjølv hadde arrangørklubben 13 påmelde.

Topp skår for arrangementet og ni medaljar var behaldninga for osingane. Alt i alt bra etter føresetnadene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har nok gjort det betre tidlegare, men ut i frå det store mannefallet grunna skadar og sjukdom før arrangementet, må me seia oss godt nøgde med resultata, seier hovudinstruktør i Os Karateklubb, Cato Bruarøy.

Skulle hatt to medaljar

To sølvmedaljar og sju bronsar var resultatet for dei 13 utøvarane frå Os.

– Me fekk ikkje gullet denne gongen, men me fekk ni medaljar og det er me nøgde med, seier Bruarøy.

Tobias Røttingen var blant osingane som tok bronse. Norenesingen fekk bronsemedalje i klassen for gutar 16-17 år.
Tobias Røttingen var blant osingane som tok bronse. Norenesingen fekk bronsemedalje i klassen for gutar 16-17 år.
Tuva Baggen (t.v.) tok sølv i klassen for jenter 14-15 år.
Tuva Baggen (t.v.) tok sølv i klassen for jenter 14-15 år.

Då Armin gjekk bronsefinalen i seniorklassen på laurdagen, måtte han rett og slett «ropa på elgen».

– Han var god og leidde heile 5-0, då han vart dårleg og måtte forlata matta for å gå å spy. Dessverre er reglane då slik at om ein er for lenge borte frå matta, så taper ein kampen. Armin rakk ikkje tilbake i tide, fortel Cato Bruarøy.

Dagen etter var Armin ein del betre. Då kjempa han seg til finalen i U21-klassen og tok sølv.

– Eg spurde han på søndagen om han var betre, då nikka han vagt på hovudet. Nei, eg må seia eg er imponert over Armin som stiller i konkurranse når han har omgangssjuke. Det står det respekt av, skryter Bruarøy.

Ein som ville vore klar gullfavoritt om han var klar til å konkurrera var Benjamin Askvik Midtbø. Han måtte stå over stemnet grunna sjukdom.

Artikkelen held fram under annonsen.

To sølv

Til liks med Armin Palislamovic fekk også Tuva Baggen sølv i meisterskapen. Norenesingen var med for tredje året på rad og vann sin tredje medalje på rad. No står ho med to sølv-, og ein bronse-medalje.

Dei sju som vann bronsemedalje var Tiril S. Haaland (vann bronse i senior - 68 kg og U21 - 68 kg), Malene Askvik Midtbø jenter 16-17 år - 59 kg, Aner Palislamovic i klassen for senior U21, Tobias Hagen Røttingen i klassen for 16-17 år + 76 kg, Sondre Kvamdsdal 14-15 år + 70 kg og Aurora Berge Fagerthun i klassen for 12-13 år.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no