Ein mopedførar er mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand. Han hadde heller ikkje lov til å køyra moped.
Ein mopedførar er mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand. Han hadde heller ikkje lov til å køyra moped.

Mistenkjer ruskøyring

Ein mann i 30-åra vart i 12-tida laurdag stogga på ein moped på Halhjemsvegen i Os. Mannen er mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand.

Det går fram av Vest politidistrikt sin Twitter-konto.

– Det vart gjort funn av mindre mengder narkotika på mopeden. Førar vert teken med til legevakt for blodprøve, heiter det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skriv politiet at mannen heller ikkje hadde førarrett.

Vel ein time tidlegare stogga patruljen ein norsk bil med utanlandske skilt ved Lysekloster.

– Politiet har vore i kontakt med ein utanlandsk sjåfør. Bilen vert avskilta, og vert ståande på staden. Eigar har fått beskjed om å få han fjerna, går det fram av politiloggen.

camilla.kvamme@osogfusa.no