(
(

Mistenkjer ruskøyring etter front mot front-kollisjon

Politiet fekk meldingar om vinglete køyring og var på veg ut for å kontrollere. Få minutt seinare small den nemnde bilen i fronten på ein annan.

Fredag ettermiddag var detto biler som kolliderte front mot front i Fusa på strekket mellom Skjelbreid og Holdhus. Vitne på staden fortel at den eine bilen køyrde vinglete før han kom over i motsett køyrefelt og rett i fronten på ein bil som kom mot.

– Dei to personane som sat i bilen som blei påkøyrd blei frakta til Haukeland universitetssjukehus for undersøking og mistanke om brotskade på den eine personen, seier politibetjent Kjartan Svendsen og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi var på veg ut for å kontrollera bilføraren som skal ha køyrd i bilen som kom mot. Vi fekk meldingar om køyringa hans. Få minutt seinare fekk vi melding om at det hadde vore ein front mot front-kollisjon.

Heilt bak mål

Dei to som blei frakta til sjukehuset er heimehøyrande i Fusa. Det er ikkje mannen i den andre bilen.

– Vedkomande er i starten av 30-åra. Han er mistenkt for oppbevaring av narkotika, då politiet fann pulver, tablettar og væske på han. Politiet mistenkjer også køyring i ruspåverka tilstand. Han har heller ikkje gyldig førarkort, seier Svendsen.

– Ulukker kan skje og det er trasig, men det å setja seg bak rattet i rusa tilstand er heilt bak mål. Det er ikkje berre sitt eige liv ein risikerer. Det kunne ha gått så mykje verre, seier Svensen.