Legevakt og brannvesen var raskt på staden.
Legevakt og brannvesen var raskt på staden.

Mistenkt for brannstifting

Kort tid etter brannen i ein av bustadene i Vartun i Industrivegen søndag, vart ein mann i 30-åra gripen, mistenkt for å stå bak.

– Mannen er mistenkt for å ha noko med brannen å gjera. Han sit i arresten og vil bli avhøyrt i løpet av føremidagen, opplyser politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Audun Hadler-Olsen.

Politioverbetjenten fortel at det er for tidleg å seia noko om kvifor det begynte å brenna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er det vi jobbar ned no. Vi kjem til å gjera ein del undersøkingar på staden i løpet av degen, seier Hadler-Olsen.

– Sløkkt då me kom fram

Politi, legevakt, ambulanse og brannvesen rykte sundag føremiddag ut til bustadene i Vartun etter melding om brann. Klokka 10.45 skreiv brannvesenet på Twitter at brannen var sløkkt .

– Ein brann kan raskt spreia seg i eit slikt bygg, men brannen var sløkkt då me kom fram til staden, fortalte Arne Monsen frå Os brann og redning.

camilla.kvamme@osogfusa.no