Politiet i Os stogga i ettermiddag ein bilførar som er mistenkt for å ha sete seg bak rattet i påverka tilstand.
Politiet i Os stogga i ettermiddag ein bilførar som er mistenkt for å ha sete seg bak rattet i påverka tilstand.

Mistenkt for promillekøyring

Klokka 16 i ettermiddag stogga politiet i Os ein bil i Hegglandsdalen. Føraren er mistenkt for å ha sete seg bak rattet i påverka tilstand. Han har heller ikkje førarkort.

Det skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Vidare skriv politiet at føraren vert meldt for forholdet, og at det vert teken blodprøve av han. Bilskilta til føraren vart også inndrege.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mistenkte har fleire gongar tidlegare køyrt bil utan førarkort, skriv politiet.