- Eg håpar Bjørnefjorden Golfklubb får driva vidare som dei gjer i dag. Den dagen dei er klare for å signera ny leigeavtale, står eg klar, seier grunneigar Stein Ole Moberg.
- Eg håpar Bjørnefjorden Golfklubb får driva vidare som dei gjer i dag. Den dagen dei er klare for å signera ny leigeavtale, står eg klar, seier grunneigar Stein Ole Moberg.

Moberg ønskjer ikkje utbygging på golfbanen

- Eg håpar Bjørnefjorden Golfklubb får driva vidare så lenge eg lever. Eg ønskjer ikkje at bustader skal erstatta golfklubben, seier ein av grunneigarane på Hauge, Stein Ole Moberg.

Sist veke skreiv Os & Fusaposten at Bjørnefjorden Golfklubb fryktar utbygging på grunnen dei leiger i dag. Dei leiger av fem ulike grunneigarar. Ein av dei, Kjersti Bjørke, ønskjer å byggja bustader på sin grunn. ABO Plan & Arkitektur har på vegner av Bjørke og utbyggjar Vestbo, i tillegg til grunneigar Stein Ole Moberg, spelt inn at dei ønskjer å endra grunnen frå grønt (LNF-område) til gult i reguleringsplanen.

Men det er i følgje Moberg berre Bjørke som ønskjer å byggja bustader.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har tidlegare opplevd å få "grøn" grunn ekspropriert, og fått svært lite tilbake for det. Difor sa eg ja då ABO kontakta meg, og spurte om eg, samstundes som Bjørke skulle få omregulert sin grunn, ønskte å få omgjort min. Men eg ønskjer ikkje bustader på Hauge. Eg håpar Bjørnefjorden Golfklubb får driva vidare som dei gjer i dag. Den dagen dei er klare for å signera ny leigeavtale, står eg klar.

Frå grønt til gult

Dagleg leiar i ABO, Arne Kristian Kolstad, har vore i kontakt med Moberg, som har reagert litt på korleis innspelet til områdereguleringa er utforma, og korleis saka blei framstilt i Os & Fusaposten. Kolstad stadfestar at innspelet er sendt med det føremål å gjera området "gult" for bustadbygging. Innspelet er sendt inn på vegner av Bjørke og Moberg, men det er berre Bjørke som på noverande tidspunkt seier at det ikkje er ønskeleg å fornya leigeavtalen med Bjørnefjorden Golfklubb når denne går ut om ni år.

- Det meiner eg kjem tydeleg fram i innspelet. Moberg har aldri nemnd at han ikkje ønskjer å fornya leigeavtala i framtida, seier Kolstad og held fram:

- Om han får grunnen sin omregulert, vil ikkje det seia at han må byggja bustader. Det gjev han berre høve til det.

Vil levera innsigelse

Heller ikkje i møte med Bjørnefjorden Golfklubb, har Moberg gitt uttrykk for at han ønskjer bustader i staden for grøne golfbaner. Det stadfestar driftsleiar i klubben, Per-Ove Bahus Lysvold.

- I innspelet frå ABO står to grunneigarar nemnd, Bjørke og Moberg. For å vera nøyaktig og etterretteleg, sa eg difor at det var snakk om to grunneigarar. Men Moberg har sagt til oss at han ikkje ønskjer utbygging, og det trur eg han på. Han vil ha området omregulert då det har ein anna verdi i høve ekspropiering om det er gult i reguleringsplanen, seier Bahus Lysvold og legg til:

- Vi har ni år att av leigekontrakten, så vi har ikkje tenkt på å begynna å reforhandla. Det som skjer no, er at vi kjem til å levera ein innsigelse på innspelet, med våre tankar og synspunkt og kva vi ønskjer å gjera. Framover kjem vi til å drifta klubben som normalt, og jobba med dei konsepta vi har og planane for ulike tiltak vi ønskjer å realisera.

I følgje Bahus Lysvold er også dei andre grunneigarane, med unntak av Bjørke, positive til at det framleis skal vera golfbane på Hauge.