Hans Parnefält i Os Travel sjekkar ut det nye overnattingstilbodet.
Hans Parnefält i Os Travel sjekkar ut det nye overnattingstilbodet.

Mobil overnatting med sjøutsikt

Laurdag ettermiddag rulla eit flett nytt overnattingstilbod inn på parkeringsplassen ved turistinformasjonen på Osøyro. Podtown vert konseptet kalla.

Eirik Kalve, som er dagleg leiar i Podtown, fekk elddåpen sin på Tysnesfest førre helg. Det gjekk over all forventning. «Podtellet» var fullbooka.

No står Osøyro for tur, og «podtellet» som er plassert mellom Esso-stasjonen og turistinformasjonen, vert ståande til 30. september.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kalve fortel at han har 11 slike «podtell» med plass til til saman 176 gjester.

– Det er eit testprosjekt, seier Hans Parnefält i Os Travel.

– Vi har allereie fått bookingar for juli, august og september, og det før vi i det heile tekne opna for booking, legg han til.

Lastebilen har akkurat løfta "podtellet" ned frå hengaren.
Lastebilen har akkurat løfta "podtellet" ned frå hengaren.
Slik ser det ut inni dei doble "poddane".
Slik ser det ut inni dei doble "poddane".
Eirik Kalve (t. v.) og co. er i ferd med å leggja siste finpuss på konteinaren som skal fungera som hotell på Osøyro dei neste to og ein halv månadene.
Eirik Kalve (t. v.) og co. er i ferd med å leggja siste finpuss på konteinaren som skal fungera som hotell på Osøyro dei neste to og ein halv månadene.

I «podtellet» som er plassert på Osøyro er det åtte doble «poddar». Alle «poddane» har vinduage med sjøutsikt, men vert du lei utsikta kan du streama filmar og TV-program frå mobilen din.

Ideen om å etablera Podtown fekk Kalve då han mangla overnatting på Tysnesfest for to år sidan. Visjonen til verksemda er ifølgje nettsida deira å tilby plassbesparande mobile overnattingsløysingar, samt å bidra til å heva kvaliteten og tryggleiken på alle slags arrangement slik at gjestene får eit komfortabelt opphald og ønskjer å venda tilbake.

«Podtella» til Kalve vert også å finna på Kalvåg Kystfestival og Raumarock i byrjinga av august.

camilla.kvamme@osogfusa.no