Eirik Solheim er strategisk rådgivar, redaktør av NRK Beta og prosjektleiar i NRK si utviklingsavdeling. Her er det samla ei gruppe menneske som får lov å leika med dei mest underlege teknologiske løysingane.
Eirik Solheim er strategisk rådgivar, redaktør av NRK Beta og prosjektleiar i NRK si utviklingsavdeling. Her er det samla ei gruppe menneske som får lov å leika med dei mest underlege teknologiske løysingane.

Moderne teknologi i Os Senioruniversitet

Ein kaffitraktar som tilfredsstiller HMS-krava i NRK, kopla til ei datamaskin som igjen er kopla til rørsler og lydsensorar, var berre ein av duppedittane Eirik Solheim var innom i sitt foredrag i Os senioruniversitet.

Med lidenskap og humor viste Solheim mykje interessant om kva ein kan få til og oppleva med moderne teknologi.

Vel 150 tilhøyrarar hadde møtt fram måndag. Temaet var "Nyttige dupeditter" med undertittel "Muligheter og lidenskap i teknologiens verden".

Artikkelen held fram under annonsen.

Leik og nyskaping

Eirik Solheim er strategisk rådgivar, redaktør av NRK Beta og prosjektleiar i NRK si utviklingsavdeling. Her er det samla ei gruppe menneske som får lov å leika med dei mest underlege teknologiske løysingane. Filosofien er at leik og lidenskap fører til nyskaping (innovasjon). Dei baserer seg ofte på dei same datamaskinene eller styringseiningane som er i forbruksvarene vi omgir oss med slik som oppvaskemaskinar, komfyrar osv. Desse er masseproduserte og billege, og finst i alle storleikar.

Eit viktig poeng i Solheim sitt foredrag var akkurat dette at utstyret dei brukar, blir kjøpt rimeleg i butikkar eller på nett og kan brukast i heilt nye samanhengar. Dei sløser ikkje med lisenspengane.

Nyttig leik

Eit godt eksempel var til personleg nytte på arbeidsplassen. HMS-reglane til NRK krev at kaffitraktaren slår seg av automatisk etter ei viss tid. Dette var irriterande for dei som var på arbeid fordi når dei etter ei stund skulle drikka kaffi, var han kald. For at kaffitraktaren skulle tilfredsstilla HMS-krava, men samtidig ikkje slå seg av så lenge det var aktivitet i rommet, kopla dei han saman med ei datamaskin som igjen var kopla til rørsler og lydsensorar.

Denne leiken var ikkje uproduktiv. Same prinsippa blei brukt seinare då dei ville senda radioprogram samtidig også på TV utan at det gjekk ut over radioprogramidéen. Vanlegvis må minst éin person styra dyre videokamera som kostar 35000 kroner, og éin person må miksa bilda mellom deltakarane i studio. Dette blei løyst ved å bruka billege sportskamera til 3 500 kroner kopla opp mot ei datamaskin som kjente igjen dei forskjellige mikrofonane, og automatisk viste bilde av personen som snakka. Eit eksempel på denne løysninga er NRK P2s Dagsnytt 18 der det blir brukt billege kamera og elektroniske komponentar, og ein sparar to personar.

Saltstraumen minutt for minutt

Stundom må ein bruka svære trailerar pakka med utstyr til mange millionar kroner for å laga tv-program, men nokre gonger kan det gjerast billegare, enklare og raskare. Eit eksempel på dette er programmet "Saltstraumen minutt for minutt".

Solheim og hans medarbeidarar utvikla ein rimeleg "Petter Smart"-teknikk for å laga tredimensjonale (3D) datamodellar av Saltstraumen. Forsvaret hadde allereie laga ein modell av fjelloverflata under straumen. Ved å halda desse modellane saman kunne ein visa årsaka til dei sterke straumane. Ein annan metode til å kartleggja straumen var å bruka flytebøyer med sendar og GPS slik at posisjonen kunne bestemmast fortløpande. Slike bøyer blir i dag brukt til forsking, men igjen var dei i dyraste laget for NRK sidan dei trong 8-10 stykke. Butikkpris var 10-15.000 kroner per stykk.

Istaden blei bøyer laga av standard bygningsplastrøyr frå Biltema, billeg GPS osv. til ein totalpris på 720 kroner. I tillegg laga dei eit billeg sjølvgåande undervassfartøy med kamera, og det heile blei styrt med styringseininga til Play Station. "Heimelaga" utstyr til 10.000 kroner i staden for kjøpt utstyr til det tidoble. Det var interessant å høyra kor smarte og nyskapande NRK-medarbeidarar kan vera.

Usynleg fjernsynskjerm

Solheim viste det siste nye i heimeelektronikk frå verdas største messe i sitt slag som blir halde i Berlin kvart år. Fjernsynskjermane blir tynnare og større. Den nye "folketv-en" har 62" skjerm! Her heng nok mange av oss etter utviklinga. Den mest imponerande TV-en var usynleg. Når han er avslått, er han gjennomsiktig og ser ut som dei andre glasdørene i skapet der han er montert, men påslått fungerte "glasdøra" som ein vanleg TV. Denne er ikkje i handelen enno, men han kjem nok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det nyaste nye for smarttelefonar er telefon med to kamera. Éin modell hadde eitt kamera med vidvinkellinse og det andre med telelinse. Ein annen modell hadde eitt svart-kvitt- kamera med ekstrem lysfølsomheit og det andre vanleg fargekamera.

Nye batteri

Bruk av dataspel, 3D-skrivarar og programmeringskomponentar i undervisning var godt representert på messa. For at telefonen eller "laptoppen" skal ha nok straum, blei det vist mange forskjellige kompakte oppladbare batteripakkar som kan lada telefonen din 50-100 gonger og kraftig nok til å starta bilen din i eit naudstilfelle.

Batteria som blir brukt i nesten alle desse batteripakkene er litt større enn eit vanleg AA-batteri og blir kalla 18650. Eg trur dei fleste tilhøyrarane blei overraska då Solheim viste batteripakken til el-bilen Tesla. Batteripakken består av 6.800 batteri av typen 18650 som var kopla saman til å gi 4,2 volt.

Elektronisk drivhus i stova

Eit datastyrt vekstkammer for planter til stovebruk vakte interesse hos tilhøyrarane med spørsmål om kor det kunne kjøpast. Kammeret heiter "Lille gartner", kan kjøpast på nett, og er i forskjellige storleikar til prisar mellom 1.000 og 2.500 kroner.

Solheim har deltatt i mange av NRK sine "sakte-tv"- program, men er mest kjent nasjonalt og internasjonalt er han for sine "hurtig-tv"-videoar. Utanfor stovevindauget hans er det ein skog. Han tok eit bilete kvar veke i eitt år ved å halda fotoapparatet på verandaen i same posisjon mot skogen. Han sette så saman alle bilda til ein videosekvens som blei til "One year in 40 seconds". Denne la han ut på YouTube, og ganske snart kom han på YouTube si tilrådingsside. Det tok ikkje lang tid før han hadde tre millionar treff på videoen. Den dukka opp på ei rekke andre nettstader og blei vist på japansk og amerikansk TV. Videoen ligg også på heimesida hans "eirikso.com". Bilete og tilvising til videoen er også brukt i lærebøker i biologi på universitet i Colombia.

Han laga ei oppfølging av videoen der han med eit fastmontert kamera tok eitt bilde kvar halve time gjennom heile året. Basert på desse opptaka laga han videoen "One year in 120 seconds". Då han sette saman nokre tusen bilde til eitt bilde som representerte heile året, blei han kalla kunstnar, og biletet blei hengt opp på kunstutstillingar.

Fire årstider på ein tur

Teknikken med å setja saman opptak frå forskjellige årstider blei seinare nytta i produksjonen av NRK-programmet om Nordlandsbanen. Her blei turen filma med kamera i fronten på lokomotivet på turar gjennom heile året. Når desse blei lagt saman, kunne dei visa toget som køyrde gjennom fleire årstider på same tur.

Solheim fortalde også om prosjekt av meir personleg karakter som videoopptak av fuglane som kom på fuglemataren på balkongen hans. Her brukte han ein iPhone med knust skjerm, men intakt kamera til å videofilma fuglane. For berre å filma når det var fuglar på mataren, kopla han kameraet til ein rørslesensor. Til datamaskina som styrte kameraet kopla han også sensorar for temperatur, luftfuktigheit og lys. Så her fekk han data til eit ornitologisk forskingsprosjekt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dronar som skyt brunsniglar

Omgrepet flygande dronar er faktisk det same som vi for nokre år sidan kalla radiostyrte fly. Solheim viste på ein morosam og illustrerande måte korleis han bygde sin første helikopterdrone. Han fortalde også om ein ungdom som eksperimenterte med ei laserkanon i dronen som skulle leita opp og skyta brunsniglar. Ein særs god forretningsidé! I dag er dronar i ulike storleikar og prisklassar tilgjengelege i butikken.

Tilhøyrarane i senioruniversitetet fekk innblikk i ein teknologi og moglegheiter som var heilt ukjende for ikkje så lang tid sidan. For dei eldre er dette nokså overveldande. For dei unge som ikkje var til stades, hadde foredraget også vore svært interessant, men dei hadde kjent seg meir heime i ei utvikling som går fort vidare.

Bjørn Solheim

Os Senioruniversitet