annonse

Motorstopp på Halhjemsvegen

Trengte hjelp:
Trengte hjelp: Politiet måtte hjelpa ein som fekk motorstans på Halhjemsvegen fredag. (Foto: Arkiv)

Fredag føremiddag rykte politiet i Os ut for å hjelpa ein person som fekk problem med køyretøyet sitt på Halhjemsvegen.

Camilla Kvamme

Hendinga fann stad i 11-tida fredag. Føraren av personbilen fekk motorstopp på Halhjemsvegen, i nærleiken av Lepsøykrysset.

– Vi stoppa trafikken, og fekk dytta bilen inn på ei trafikklomme rett i nærleiken, opplyser vakthavande politibetjent ved Os lensmannskontor.

Bilbergar kom etter kvart til staden. Og trafikken gjekk igjen som normalt.

Forutan oppdraget på Halhjemsvegen, kan politiet i Os rapportera om ein roleg start på helgen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut