Myggen nappa meir enn fisken
Det vart ei stikkande økt då Os Jakt og Fiskelag arrangerte fiskekveld for jenter måndag.
Det regna akkurat for lite til at myggen frykta å drukna i gråvêret måndag. I staden var dei bitte små blodsugarane svært så på hogget mellom dei tynne yrdråpane langs ved Oselva.
– For fiske er det perfekte tilhøve. Stor elv og passe grått vêr, men myggen kunne me så absolutt klart oss utan, seier kvinnekontakt i Os Jakt og Fiskelag, Sara Behzadzadeh.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I dag har de eigen fiskekveld for kvinner. Har de slike tilbod ofte?
– Nei, det vert to gonger i året. No tidleg i sesongen, og så har me ein kveld til 17. august.
– Treng jentene slike kurs for å finna vegen til Oselva?
– Det finst sjølvsagt ein del jenter og kvinner som er røynde laksefiskarar, men for nybyrjarar kan dette vera eit greitt tilbod, seier Behzadzadeh.
Mål om super-debut
Ein av kveldens deltakarar hadde erfaring frå før, elles må jentene/kvinnene som var møtt fram, reknast for debutantar. Det tydde ikkje at dei hadde smålåtne forventningar til kvelden.
– Eg har plan om å få ein superdebut og dra opp min første laks alt i kveld. Tilhøva er bra. Det er klart ein må tru på det, seier Marie Kristine Birketvedt-Jones.
Den siste tida har ho budd langs ved Oselva og sett røynde laksefiskarar i full vigør svinga stonga med heftige flugekast. No følte ho det var på tide å prøva sjølv.
– Eg er veldig glad for dette tilbodet. Det er lettare å kasta seg ut i nye ting når ein har erfarne folk med, seier Mariann.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og heilt herrefritt var det heller ikkje. Inne i bua ved fiskeplassen ovanfor Unik Filtersystem AS hadde kursleiar Sara fått med seg to karar frå laget.
Men hjelpsame Martin Borgen og Raymond Skaar var ikkje med for å fiska. Dei var eine og åleina hyra inn for å løysa flokar og binda makk til krokane.
Meirsmak
Det vart ikkje særleg med fisk på jentene denne kvelden, men fiskeopplevinga gav tydelegvis meirsmak.
– Eg hadde fem jenter med denne kvelden. Samtlege sa at dei ville vera med på jentekvelden i august også. Det tek me som eit teikn på at arrangementet var vellukka, konstaterer Sara Behzadzadeh.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no