(
(

Narkotika-funn på ransaking

Politiet fekk ferten av narkotika på ei adresse i nærleiken av Os sentrum måndag føremiddag og gjekk til ransaking.

– Patruljen var på staden i andre ærend, men då det lukta hasj, blei det gjennomført ransaking, fortel fungerande politioverbetjent, Thomas Juulseth og legg til:

– Politiet fann anabole steroider, og mindre mengde hasj og marihuana. To personar, ein mann og ei kvinne i 30-åra, er meldt.