Ein bil hamna i elva etter ei utforkøyring på Lyseklostervegen torsdag kveld.
Ein bil hamna i elva etter ei utforkøyring på Lyseklostervegen torsdag kveld.

Naudrakett observert ved Halhjem

Natt til laurdag vart ein naudrakett observert utanfor Halhjem. Brannvesen, Kystvakt og politi søkte i området, utan å finna noko.

Det opplyser politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Audun Hadler-Olsen. Han minnar om at bruk av naudrakettar når ein ikkje er i fare, er forbode.

Vidare fortel politiet i Os om bråk og høg musikk frå ei adresse i Os sentrum natt til søndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Personane på adressa vart bedne om å roa seg, noko dei gjorde.

– Ein person på same adresse vart meldt for oppbevaring av mindre mengder hasj, fortel Hadler-Olsen.

Fråteken førarkortet

Søndag føremiddag vart ein mann i 20-åra stogga ved eit tilfelle i Os sentrum.

Mannen skulle eigentleg ha levert inn førarkortet sitt i desember som følgje av for mange prikkar. Det hadde han ikkje gjort.

– Førarkortet vart inndrege på staden, seier politioverbetjenten.

camilla.kvamme@osogfusa.no