Påsken har vore strålande. Til helga kjem det nedbør.
Påsken har vore strålande. Til helga kjem det nedbør.

Nedbør i vente etter den tørraste april-månaden på 128 år

Etter 1,4 mm nedbør dei tre første vekene i april, ser det ut til å koma ein del meir dei siste dagane av månaden.

Sist ein målte så lågt som 1,4 mm nedbør på dei første tre vekene i april, var i 1891,skriv VG. Målinga er for Bergen. Det er ingen målestasjonar nærare Os og Fusa.

Siri Wilberg frå Meteorologisk institutt fortel tilVG at vanleg nedbørsmengde denne perioden er 114 mm, og at starten av denne veka ser ut til å bli bra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Temperaturen kan fort koma opp i 20 grader. Men frå torsdag er det nedbør i prognosane. Slutten av april blir nok litt våt, seier Wiberg.

Vått i helga

Om ein ser på langtidsvarslinga, ser det altså ut til å koma regn torsdag. Fredag ser relativt tørr ut, men det kan koma nedbør om kvelden. Laurdagen ser det ut til å koma regn, og det kan koma nedbør også søndag.