(
(

Nekta å oppgje personalia

Ein mann i 30-åra ville ikkje oppgje personalia då han blei kontrollert på bussen i går.

– I 21-tida fekk politiet melding frå eit busselskap om ein passasjer som blei stoppa i ein kontroll og nekta å oppgje personalia, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen og held fram:

– Vi var ledige og hadde kapasitet, så vi kom til staden og hjelpte med å få personalia frå mannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Får de mange slike meldingar frå busselskap?

– Nei, det skjer ikkje ofte, seier Hadler-Olsen.

Bråk i Kuvågen – igjen

Ordensforstyrring frå ei adresse i Kuvågen har vore eit problem som har gått igjen. I 15-tida onsdag var det høg musikk og fyll på staden.

– Då vi kom til staden, var det roleg. Politiet gav pålegg om å halda det roleg og at dei ikkje skulle vera til sjenanse for naboane, seier Hadler-Olsen.