Lysekloster sikra seg i dag tre poeng borte mot Førde. Samstundes tapte ligaleiar Sotra mot Fyllingsdalen. No er det berre tre poeng som skil laga.
Lysekloster sikra seg i dag tre poeng borte mot Førde. Samstundes tapte ligaleiar Sotra mot Fyllingsdalen. No er det berre tre poeng som skil laga.

Nærmar seg Sotra

Lysekloster vann 2-0 borte mot Førde, medan Sotra, som såg ut til å få med seg tre poeng frå borteoppgjeret mot Fyllingsdalen, tapte etter to baklengs på overtid.

Då Lysekloster endeleg fekk ballen i mål på Førde Stadion, hadde dei alt hatt mange sjanser til å få hol på byllen. 1-0 kom etter 33 minutt spelt. Etter litt klabb og babb i feltet, var Vladan Radojkic kontant då han sette ballen i nota. Førde, som fram til Lysekloster-målet hadde brukt god tid på alt frå innkast til utspel, var venta å løfta seg inn mot pause. Men det skjedde ikkje. Bortelaget såg ut til å ha full kontroll.

Einvegskøyring

Lysekloster køyrde på vidare i angreomgang. Bortelaget skapte eit par megasjanser før ti minutt av dei siste 45 minutta var passert. Kampen blei streama av BA, og kommentatoren sa etter vel ein time spelt at det er smått utruleg at det berre stod 1-0 til Lysekloster. Det skulle ikkje gå mange minutt etter det før 2-0-skåringa kom. Då var det Truls Hovland sin tur. Mannen med ei fortid i fleire lag frå Sogn og Fjordane, skrudde ballen opp i nærmaste hjørne frå vel 16 meter. Bortelaget tok ikkje foten av gassen, men sjølv om dei skapte fleire gode sjansar, blei det med to mål i borteoppgjeret mot Førde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ekstra gledeleg for munkane er det at Sotra, som før denne runden låg seks poeng framfor laget frå Lysefjorden, gjekk på eit tap borte mot Fyllingsdalen. Sotra tok leiinga før Fyllingsdalen utlikna. Kort tid før pause fekk Sotra straffe og skåra. 2-1 til Sotra såg lenge ut til å bli sluttresultatet, men på overtid tok oppgjeret fyr. Fyllingsdalen utlikna før dei skåra på ny kort tid etter og sikra seg tre poeng mot tabelleiaren.