annonse

No blir det bøter

: (Foto: )

Politiet har dei siste månedene gitt ei rekkje munnlege åtvaringar til personar som har køyrd mot oppsett skilting i Os sentrum.

Det er i dag skilta Innkøyring forbode i sentrum i perioden kl. 23-06, med underskilt: Gjeld ikkje taxi, varelevering og fastbuande.

Politiet har dei siste månedene gitt ei rekkje munnlege åtvaringar til personar som har køyrd mot oppsett skilting.

- Vi ser, særleg i helgene, at det framleis er mange som ikkje følgjer skiltinga og trafikken er aukande, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet vil derfor framover reagera med skriftlege bøter, kr 5.350 for køyring i strid med skiltinga.

jostein@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()