Butikksjef ved Kiwi Haugsneset, Linn Frøkedal Røen, seier at det ikkje er iskrem butikken tener mest pengar på for tida.
Butikksjef ved Kiwi Haugsneset, Linn Frøkedal Røen, seier at det ikkje er iskrem butikken tener mest pengar på for tida.

No er det priskrig på iskrem i Os

– Frysedisken blei tømt veldig fort, seier butikksjef på Kiwi, Linn Frøkedal Røen.

Det var Coop som starta is-krigen tysdag ved å setja prisen på ein sekspakke krone-is til 20 kroner. Dermed kostar ein krone-is 3,33 kroner. I løpet av få timar følgde Rema 1000 opp med eit tilsvarande tilbod, og det same gjorde kjeden med mottoet «Vi gir oss aldri på pris» - Kiwi.

Måtte få ny ladning

Butikksjef ved Kiwi Haugsneset, Linn Frøkedal Røen, merkte godt priskrigen tysdag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så snart det gjekk opp for kundane våre kva prisen låg på, tok det skikkeleg av, seier Røen.

Frysedisken var omtrent skrapa då Os og Fusaposten var innom.

I tillegg til krone-is-tilbodet har kjeda også skrudd ned prisen på andre pakkar.

- Eg fylte frysedisken opp med is på søndag, og no er det tomt. Heldigvis kom det akkurat ein ny ladning, seier Frøkedal.

- Tener de noko pengar på slikt, då?

- Nei, men me tener fornøgde kundar. Det er det viktigaste, seier ho.