Onsdag monterte Rune Leirvåg og Arve Borlaug opp det nye rutevisingssystemet på bussterminalen i Os. Om alt går som dei håpar, er systemet oppe og går innan eit par dagar.
Onsdag monterte Rune Leirvåg og Arve Borlaug opp det nye rutevisingssystemet på bussterminalen i Os. Om alt går som dei håpar, er systemet oppe og går innan eit par dagar.

No kjem det digital rutetilvising på bussterminalen i Os

Bussterminalen i Os vert den 12. i bergensområdet som no får digital rutetilvising.

I januar etterlyste Os og Fusaposten digital bussrutevising på Osøyro terminal. Vel ein månad etter er monteringa no i gang.

– Det tek kring ein dag å ferdigmontera kablar, skjerm og anna utstyr. Om alt går som me håpar, vil systemet vera oppe og gå innan eit par dagar, seier montor for SKYSS, Arve Borlaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

I lag med Rune Leirvåg var han godt i gang i med arbeidet onsdag føremiddag.

– Frå før av har me montert 11 slike rundt i bergensområdet. Dette blir altså den 12., seier montøren.

– Kva informasjon vil busspassasjerane i Os no få?

– Dei vil få vanleg bussruteinformasjon. I tillegg vil dei kunna sjå kvar ein kvar buss er i sanntid, slik at ein veit kor lenge det blir å venta på den og den bussen, forklarer Borlaug.

Raskt levert

Då Os og Fusaposten skreiv om saka i januar, var det med håp i stemmen at journalisten vår etterspurde det nye systemet. årsaka var at det rett og slett var vanskeleg å lesa det opptrykkte rutekartet som heng i glassmonteren på veggen av venterommet.

Pressekontakt i SKYSS, Ingrid Dreyer, lova å sjå på saka, og håpa at terminalen kunne få digital rutevisning innan nokre månadar.

No er det altså på plass, knappe månaden etter at det vart etterspurd.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no