(
(

Nokre dagar etter at politiet åtvara båteigarar, kom meldinga om det første motor-tjuveriet

– Det var ikkje nok å vera føre var, nei, seier politibetjent i Fusa, Kjartan Svendsen.

– Meldinga i avisa nådde nok ikkje alle, og det skal seiast, motoren kan ha blitt stolen før eg åtvara i avisa. Det er om lag to veker sidan eigar såg til båten sist, fortel Svendsen.

Må ha vore fleire enn ein

Båten låg i Bergegrend. Motoren skal vera ganske stor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei må nok ha vore minst to personar. Det var ein motor med 40 hestekrefter. Dei har kutta av det dei måtte for å få motoren av båten, seier Svendsen.

Det er eit stort tidsrom hendinga kan ha skjedd i. Politiet er interesserte i tips om nokon har sett noko mistenkjeleg i dette tidsrommet.