Hovudrollene vert spelt av Sebastian Haugland og Axel Bøyum, kjend frå NRKs «Heimebane» og «Øyevitne». Sistnemnde fekk tidlegare i år Gullruten for beste mannlege hovudrolle i «Heimebane».
Hovudrollene vert spelt av Sebastian Haugland og Axel Bøyum, kjend frå NRKs «Heimebane» og «Øyevitne». Sistnemnde fekk tidlegare i år Gullruten for beste mannlege hovudrolle i «Heimebane».

Nominert til BIFF-pris

Rolv Lyssand Bjørøs «En annen verden» er nominert i klassen «Kortreist film».

For ei veke sidan vart han tildelt Award of Excellense – Special Mention» ved filmfestivalen The Indie Fest i San Diego.

Laurdag vart han nominert i klassen «Kortreist film» ved Bergen Internasjonale Filmfestival.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinnarfilmen vert annonsert onsdag 3. oktober.

«En annen verden» får visning på Bergen kino laurdag 29. september.

«En annen verden» er 24 minutt lang og handlar om bestekompisane Tommy og Even. Når dei vert fanga i ei anna verd, må Tommy konfrontera sine mest skremmande indre demonar for å redda venen sin.

Filmskapar og osing Rolv Lyssand Bjørø har jobba med novellefilmen «En annen verden» i fleire år.
Filmskapar og osing Rolv Lyssand Bjørø har jobba med novellefilmen «En annen verden» i fleire år.

Filmen har mange spesialeffektar og er ein miks av eventyr/fantasy og thriller.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no