Katrine Heggland kan feira sine første fem år med butikken Nordisk Rom i Os sentrum.
Katrine Heggland kan feira sine første fem år med butikken Nordisk Rom i Os sentrum.

Nordisk interiør i vinden

Torsdag kunne interiør- og designerbutikken Nordisk Rom, markera 5-årsdag i Os. - Nordisk design er i vinden som aldri før, seier innehavar Katrine Heggland.

Nordisk Rom heldt først til i Brugata, mellom DnB og Engeline, men i mai 2015 flytta Katrine Heggland butikken sin til Legangerhjørnet, og her har ho funne seg godt til rette.

- Lokala her er både større og lysare, og butikken er meir synleg og tilgjengeleg, seier butikksjefen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heggland har jobba i mange år i butikkbransjen, både i Bergen og på Os, før ho tok steget ut og opna sin eigen butikk.

- For meg har det aldri vore aktuelt å satsa på noko annan sjanger enn klassisk, nordisk design og interiør, seier ho.

- Mange butikkeigarar har slite med å få hjula til å gå rundt på Osøyro, korleis er det for deg?

- Eg kunne ikkje tenkt meg å driva butikk med andre produkt enn dei enkle, klassiske modellane frå dei nordiske landa, seier Katrine..
- Eg kunne ikkje tenkt meg å driva butikk med andre produkt enn dei enkle, klassiske modellane frå dei nordiske landa, seier Katrine..

- Det går absolutt rette vegen. Eg har nok vore heldig med timinga når det gjeld valet av produktsjanger, det er stor interesse for dei enkle, nordiske, klassiske merkevarene.

Finske Muuto, svenske String og det danske Hey er nokre av merka som er å finna i butikken, i tillegg dei gamle, norske designmodellane.

- Er det først og fremst kvinner som handlar hos deg?

- Ja, det er det. Dei fleste kundane mine er kvinner mellom 30 og 50 år, men me har også mange yngre og eldre. Det kjem sjølvsagt også menn innom, og nokre kundar tek turen frå Bergen og andre nabokommunar, så eg ser lyst på framtida, smiler Katrine Heggland.