- Vedtaket er i tråd med idrettslaget sitt overordna arbeid med å verta eit idrettslag med plass til alle, skriv idrettslaget på sine Facebook-sider.
- Vedtaket er i tråd med idrettslaget sitt overordna arbeid med å verta eit idrettslag med plass til alle, skriv idrettslaget på sine Facebook-sider.

Nore Neset Idrettslag opprettar inkluderingsfond

Målet er at alle som vil skal få oppleva å vera ein del av idretten på Nore Neset - uavhengig av økonomisk situasjon.

Vedtaket om å oppretta fondet vart gjort på hovedstyrets styremøte førre veke.

- Vedtaket er i tråd med idrettslaget sitt overordna arbeid med å verta eit idrettslag med plass til alle, skriv idrettslaget på sine Facebook-sider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet er i følgje idrettslaget å gje born og unge som er medlemar i Nore Neset IL moglegheit til å ta del i aktivitetar på lik linje med venene sine uavhengig av private økonomiske forhold.

- Utanforskap er ei stor utfordring i dagens samfunn, og kan i nokre tilfelle også føra til mobbing og utestenging frå viktige sosiale arenaer. Idrettslaget er overtydd om at vi ved å oppretta dette fondet kan sikra at endå fleire får oppleva å vera ein del av idretten på Nore Neset, skriv idrettslaget.

jostein@osogfusa.no