Jentene frå Nore Neset ungdomsskule har vore med å vinna eitt og anna innan fotball tidlegare, men jubla likevel villt for sigeren i skulecupen.
Jentene frå Nore Neset ungdomsskule har vore med å vinna eitt og anna innan fotball tidlegare, men jubla likevel villt for sigeren i skulecupen.

Nore Neset ungdomsskule er skulemeistrar i fotball

Med 3-0 over Skranevatne ungdomsskule sikra Nore Neset ungdomsskule sitt jentelag sigeren i skulecupen i fotball.

Finalekampen i skulecupen for jenter i ungdomsskulen var etter rett sett opp alt 25. april, men ettersom ikkje alle kampane var ferdigspelte, vart finalen utsett.

Tysdag gjekk finalen av stabelen på Nore Neset idrettsplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ettersom kampen vart utsett, vart det trekning om kva av finalelaga som skulle få spela heime. Den trekninga vann Nore Neset, fortel NFF Hordaland sin representant, Inge Heltne.

Fortent siger

Nore Neset ungdomsskule stilte nærast med eit reint jenter 15 lag frå samanslåinga Nore Neset/Os. Laget er godt samspelt og brukte berre knappe tre minutt før ballen låg i nota.

Malin Ludvigsen stod for skåringa etter eit godt skot frå hjørnet av sekstenmeteren.

Nore Neset ungdomsskule sitt jentelag jublar for sigeren i skulecupen for ungdomsskuleelevar i Hordaland.
Nore Neset ungdomsskule sitt jentelag jublar for sigeren i skulecupen for ungdomsskuleelevar i Hordaland.
Kaptein Andrine Kvittingen mottek pokalen på vegner av laget.
Kaptein Andrine Kvittingen mottek pokalen på vegner av laget.
Det nye klubbhusbygget til Nore Neset IL fungerar godt som tribuneanlegg på store kampar. Tysdag fekk heile ungdomsskulen fri for å sjå på jentelaget sin finale.
Det nye klubbhusbygget til Nore Neset IL fungerar godt som tribuneanlegg på store kampar. Tysdag fekk heile ungdomsskulen fri for å sjå på jentelaget sin finale.
Banens beste var Nore Nesets midtbanespelar Inger Christine Zhen Foldrup.
Banens beste var Nore Nesets midtbanespelar Inger Christine Zhen Foldrup.
Malin Ludvigsen var kreativ og god, men trass i tidleg skåring var det først mot slutten av kampen at ho verkeleg  fekk dominera.
Malin Ludvigsen var kreativ og god, men trass i tidleg skåring var det først mot slutten av kampen at ho verkeleg fekk dominera.
Hilde Drange Veglo og Kjersti Tysse Pl‰tzer heia jentene fram.
Hilde Drange Veglo og Kjersti Tysse Pl‰tzer heia jentene fram.
Gutane heia jentene fram frå VIP-tribunen.
Gutane heia jentene fram frå VIP-tribunen.

Etter dette kom Skranevatnet meir med i kampen, men dei skapte knapt ein einaste sjanse.

Etter kvilen prøvde dei seg på ny i den vesle medvinden, men siste halvdel av kampen byrja Nore Neset verkeleg å vinna duellane og visa kven som var best.

Knappe kvarteret før full tid runda kaptein Andrine Kvittingen keeper og sette inn 2-0. Fem minutt etter sette ho inn 3-0 etter pasning frå Malin Ludvigsen. Resultatet stod seg inn og var høgst fortent.

Tilbake frå skade

Nore Neset-jentene tok seg til finalen etter å ha slått Ortun ungdomsskule 7-3. I finalen mot Skranevatne vart det jamnare enn som så. I alle høve ein stund.

– Det var litt oppstykka ein stund. Sjølv har eg vore skadd i ein månad med eit forstrekt leddband i foten. Eg var veldig spelesugen, men det tok litt tid å koma inn i det, sa Andrine Kvittingen etter kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også Inger Christine Zhen Foldrup har vore skadd lenge, men det var det vanskeleg å sjå. For underteikna var ho banens klart beste spelar. Både som ballvinnar, ballsentral og kontringsspelar var ho suveren.

Ein annan som starta veldig bra, men fall litt av att før ho var i storslag siste kvarteret, var Malin Ludvigsen. Den kreative, offensive teknikaren skal ha ein god del av æra for at Nore Neset skåra to mål til på slutten av kampen.

I det bakre leddet var alle Nore Neset-jenten verkeleg solide. Det var ikkje mykje dei sleppte Skranevatne-jentene til. Best var likevel Mia Gabrielsen som har full ro og oversikt i midtforsvaret.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no